Tysdag skal dei fire siste mannskapa frå ulukkesfartøyet inn for granskingskommisjonen i Oslo. Det er offiserar som ikkje kunne delta på høyringane i Ålesund 18. og 19. juni.

Dei som skal forklara seg er kaptein Frank Reiersen, som gjekk av vakt 13 dagar før havariet ved Shetland som kravde åtte menneskeliv 12. april i år. I tillegg skal Hugo Hansen, kapteinen som eigentleg skulle hatt vakt på «Dolphin» då ulukka skjedde, førstestyrmann Geir Tore Syversen og førstemaskinist Morten Reite møta i den opne høyringa.

20. og 21. august er det avhøyr av mannskap frå «Highland Valeur» — skipet som assisterte «Bourbon Dolphin» med ankerhandteringa av riggen «Transocean Rather».

I slutten av september skal kommisjonen ta opp dei siste forklaringane, denne gongen frå operatørar i oljeselskapet Chevron og riggreiarlaget Transocean, før granskingsrapporten blir lagt fram 1. februar neste år.