VIDAR YSTAD

Utbrotet frå Nydal kom etter at Nydal var konfrontert med forklaringane til Atle Hamre i retten dagen før.

Dels har Hamre forklart at pengane på den berømmelege Monaco-kontoen er hans. Dels har han hevda at Nydal har fått hestar som han ikkje har gjort opp for.

«Råttent av Hamre»

— Dersom Atle Hamre har sagt at dei pengane eg overførde frå Sveits til Monaco er hans, ja då er det så råttent at eg nesten ikkje får meg til å tru det. Dersom nokon trur at eg krev pengar tilbake som eg ikkje har rett på, så er det heilt feil. Dette er det mest råtne nokon har gjort mot meg, sa ein oppøst og bitter byggmeister frå Bergen.

Dei som kjenner og har fylgd sakene rundt Atle Hamre, Thor Christensen, Hallvard Flatland og Øyvin Nydal, blir knapt overraska over bisarre innslag.

Men i går kom det fram opplysningar som fekk nokon kvar, også av dei innvidde, til å sperre augene opp:

Utruleg

I går vedgjekk Nydal at han har skreve under på ei erklæring som fortel at Flatland ikkje skuldar han pengar samstundes som han fekk eit gjeldsbrev som fortalde det motsette: At Flatland skuldar han 300.000 amerikanske dollar. Det gjeld pengar som Nydal i 1997 overførde til Flatland sin hemmelege konto i Monaco i den tru at det var Hamre sin konto.

Nydal fekk gong på gong spørsmål om kvifor han underteikna på dette ekstra dokumentet som fortalde at han likevel ikkje hadde pengar til gode frå Flatland.

Nydal sitt beste svar var at Atle Hamre hadde sagt at det var nødvendig for at det skulle «gå fort» å få utskreve gjeldsbrev hjå advokat Morten Kjensli i Oslo. Gjeldsbrevet skulle fortelje korleis det «verkeleg» var.

— Å underteikne på det dokumentet er ein av dei største tabbane eg har gjort, forkynte Nydal.

Svarte pengar i utlandet

Nydal overførde i desember 1996 og i januar 1997 pengar til Monaco-kontoen som lydde på Benjamin Overseas Inc. Overføringa var 260.000 amerikanske dollar kvar gong.

Nydal trudde at kontoen tilhøyrde Hamre, og overføringa skjedde på Hamre sitt initiativ. Nydal visste ifylgje eiga forklaring då ingenting om at det var Flatland som sto bak kontoen.

Pengane tok Nydal ut frå ein konto han og kona hadde oppretta i Sveits i namnet Acacias Finance Corp. Selskapet bak hadde dei oppretta i Panama.

I går opplyste han at han hadde 11 millionar kroner på denne kontoen. Pengane stamma frå eit byggeprosjekt i Florida og vart aldri oppgjevne til skattlegging i Noreg.

Flatland disponerte

Seinare disponerte Flatland pengane på kontoen i Monaco som om dei var hans eigne, til kjøp av hest og aksjar.

Flatland har ifylgje Nydal i fleire år lova å gjere opp gjelda til Nydal, men har bede om utsetting med grunngjevinga at han for tida ikkje er i stand til å betale.

Nydal forklarte seg inngåande om forholdet han hadde til Hamre gjennom fleire år:

Dei hadde daglege telefonsamtalar, gjerne ein halv time på kveldstid.

— Han ringte meg og fortalde om korleis det gjekk på travbanen. Han muntra meg opp. Eg fekk mang ein god latter. Det var akkurat som narren gjorde før i tida, forklarte Nydal til allmenn lått i retten.

- RUNDLURT: Ein bitter og litt brydd byggmeister Øyvin Nydal forklarte seg i Borgarting lagmannsrett i går før han reiste på ferie til Spania. Han seier han har vore naiv og føler seg rundlurt av Atle Hamre.<p/>FOTO: RUNE MYHRE, DAGBLADET