— Dei nasjonale prøvane er ikkje gode nok. Dei oppfyller ikkje måla. Og kva målar dei?, spurde professor Svein Lie på TV2-nyhende måndag kveld. Lie har evaluert prøvane.

Til utdanning.ws sa han for ein månad sidan at prøvane i år sprikar i alle retningar. Leseprøven for 4.klasse er svært vanskeleg, medan mange fleire har alt rett på matematikkprøven for same trinn.

Eldbjørg Torsøe, politisk rådgivar for Kristin Clemet, svara til TV2 at prøvane målar det dei skal, nemleg dugleikar innan lesing, skriving og rekning.

Helga Hjetland, leiar i Utdanningsforbundet, meiner Stortinget må stoppa prøvane.

«Elevaksjonistene» er òg mot prøvane. Måndag la dei ut dagens matteprøvar for 10.klasse på nettet, og skriv i ei pressemelding at dersom dei ikkje får oppfylt krava sine, kjem dei til å gjera det same med dei nasjonale prøvane dei vidaregåande skulane skal ha i april.

Aksjonistane krev mellom anna at årets nasjonale prøvar vert utsett til neste år og at resultata ikkje vert offentleggjort på skule- eller kommunenivå.