Medan Regjeringa og statsråd Victor Norman slit med å flytte statlege tilsyn ut av Oslo, opprettar den same Regjeringa eit nytt statleg organ i Oslo.

Gjenopptakingskommisjonen skal etter planen kome i arbeid frå 1. september. Stillinga som leiar er lyst ledig med søknadsfrist 1. mai. I kunngjeringa er det opplyst at kommisjonen skal ha tilhald i Oslo.

— Ja, vi tek sikte på ei lokalisering i Oslo. Det blir ingen stor etat med mange arbeidsplassar, som eit direktorat eller tilsyn. Det blir eit domstolsliknande organ med ein kommisjonsleiar og eit sekretariat på fire-fem stillingar, opplyser statssekretær Jørn Holme i Justisdepartementet til Bergens Tidende.

Holme seier at sjølv om dette skal bli eit nasjonalt organ, reknar ein med at tyngda av saker vil kome frå Austlandsområdet. Det er ein av grunnane til at organet blir lagt til Oslo.

— Ein annan grunn er at vi vil rekruttere høgt kvalifiserte juristar og etterforskarar, og vi reknar ikkje med at det vil bli lett å finne andre stader enn i Oslo, seier avdelingsdirektør Per Andersen i Sivilavdelinga i Justisdepartementet til Bergens Tidende.

Kommisjonen skal ha fem medlemer som skal ta stilling til krav om gjenopptaking av eldre straffesaker. Dersom kommisjonen seier ja til eit gjenopptakingskrav, vil saka kome opp til ny behandling ved ein annan domstol.

Dette inneber at det blir slutt på dagens ordning med at det er dei eksisterande domstolane som avgjer spørsmålet om gjenopptaking av eldre saker.

Frå seinare års rettspraksis kan særleg Liland-saka frå Fredrikstad og bumerangsakene frå Bergen nemnast som døme på gjenopptakingssaker som har enda med at tidlegare domfelte er blitt frifunne.

Sekretariatet for den nye kommisjonen vil få tre-fire juristar/etterforskarar og eit par sekretærar.

Departementet har tenkt å samlokalisere den nye kommisjonen med ein eller annan eksisterande etat for å redusere administrasjonskostnadane, opplyser Holme. Men ennå er det ikkje avgjort kva for etat som skal veljast.

Kommisjonsleiaren må ha juridisk kompetanse på dommarnivå og ha tilhald i Oslo. Dei andre kommisjonsmedlemene, som blir engasjert på deltid, er tenkt rekruttert frå andre kantar av landet.