VIDAR YSTAD

Med advokat Kjell Holden som prosessfullmektig har advokat Johansen teke ut forliksklage mot formannen i Advokatforeningen, advokat Helge Aarseth, Molde. Bakgrunnen er Advokatforeningen sitt forsøk på å «ta» Johansen for brot på god advokatskikk.

Advokatforeningen, på vegner av Aarseth, avviser eitkvart krav.

Saksbehandlinga er slakta av jussprofessor Carl August Fleischer, som har laga eit omfattande notat om saka.

Det ligg i korta at søkjelyset også vil bli retta mot disposisjonane i advokatfirmaet BA-HR og handteringa av den mykje omtala «Tønne-fakturaen».

Hovudstyret i Advokatforeningen fremja i januar i fjor disiplinærsak mot advokat Johansen. Påstanden var at han skulle ha brote reglane for god advokatskikk ved at han overleverte dokument til Økokrim som resulterte i «Tønne-saka», tiltale mot Tore Tønne og mot BA-HR-advokat Øyvind Eriksen.

Overprøver disiplinærutval

Johansen vart i september i fjor blankt frifunnen av disiplinærutvalet, medan hovudstyret i Advokatforeningen måtte tole kritikk. Også Advokatfirmaet BA-HR fekk klar kritikk.

Men nå, tre kvart år seinare, angrip Advokatforeningen avgjerda frå disiplinærutvalet og hevdar at «Disiplinærutvalget (har) misforstått faktum i saka».

Advokat Johansen kravde i fjor haust at Advokatforeningen skulle dekke utgifter han har hatt som fylgje av disiplinærsaka. Det vart blankt avvist av Advokatforeningen. Johansen fremjar nå kravet mot Aarseth etter at Advokatforeningen skriftleg har «beklaga» fleire forhold ved måten foreininga handterte disiplinærsaka som foreininga reiste mot Johansen.

«Advokat Johansen burde fått anledning til å gi uttrykk for sitt syn på saka før dette møtet» heiter det i brevet frå Advokatforeningen.

«Advokatforeningen beklager videre at advokat Johansen ikke ble varslet på et tidligere tidspunkt om at det ville bli holdt en pressekonferanse etter Hovedstyrets møte, der Hovedstyrets beslutning om å innklage advokat Johansen til disiplinærutvalget ble offentliggjort», heiter det i brev frå foreininga.

— Ikkje anna val

— Etter at Advokatforeningen overfor meg har beklaga fleire sider ved si handtering av saka, men utan vilje til å erstatte dei utgiftene eg har hatt, hadde eg ikkje noko anna val enn å fremje saka, seier advokat Johansen til BT.

Advokat Holden seier at han meiner Advokatforeningen har opptredd på ein sterkt kritikkverdig måte som har ramma advokat Johansen i hans yrkesutøving.

Det gjeld for det første at dei behandla og fremja ei sak mot Johansen utan at han vart varsla og fekk høve til å uttale seg. For det andre at dei presenterte klagen på ein pressekonferanse utan at han var varsla og fekk høve til å imøtegå klagen. For det tredje at advokat Aarseth ikkje har kome med ei offentleg og adekvat orsaking. For det fjerde at pressemeldinga som foreininga sendte ut etter avgjerda i disiplinærutvalet, unnlet å opplyse om at disiplinærutvalet retta kritikk mot Advokatforeningen.