Stoltenberg-regjeringa bryt eit prinsipp som norske regjeringar har fylgd sidan 1814: Regjeringsansiennitet betyr nå ingenting for rangordninga i regjeringa.

Det normale har vore at utanriksministeren rangerer som nummer to i regjeringa, etter statsministeren. Deretter har rangeringa vore ordna, først etter ansiennitet som regjeringsmedlem, deretter etter alder. I den nye Stoltenberg-regjeringa rangerer utanriksministeren først som nummer fire. Finansminister Kristin Halvorsen er rangert som nummer to, og kommunal— og regionalminister Åslaug Haga som nummer tre. Det er partileiarverva som her slår igjennom.

Ei slik rangering var det også i Bondevik I-regjeringa.

Heilt ny er den vidare rangeringa. Der fylgjer ein slavisk alderen på statsrådane utan omsyn til om nokon av dei har vore statsrådar tidlegare, slik fleira av Ap- statsrådane og Odd Roger Enoksen frå Sp ( i tillegg til Haga) har vore.