VIDAR YSTADOslo vidar.ystad@bt.no

Det nye produktet, Magcom, er mobiltelefon, elektronisk planleggar og internett-terminal i eitt.

Telefonen kjem i handelen tysdag gjennom tre av Telenor sine samarbeidspartnarar. Telenor er sjølv nest største aksjonær i selskapet Magcom as som står bak produktet med same namn. Det er ikkje lagt opp til prisstøtte (subsidiering) til nye kundar.

«Nisjemarknad» Prisen, 7990 kroner, kan verke avskrekkande. Men selskapet Magcom seier dei tek sikte på ein nisjemarknad av profesjonelle brukarar. Dei definerer det som storforbrukarar som stiller store krav til funksjonalitet.

Arbeidet med utvikling og produksjon av den nye telefonen har skjedd i stor løynd.

Miljøprofil Sjølve telefonen er bygd i magnesium. Materialet er sterkt og lett. Ekstremt låg stråling frå telefonen vil bli brukt som eit salsargument. Eit anna salsargument vil vere at skjermen kan vise inntil 27 tekstliner medan vanlege mobiltelefonar har plass til 5-7.

Produksjonen er sett ut til underleverandørar og vil i hovudsak skje i utlandet. Eit 40-tals produsentar leverer 300 komponentar som blir «skrudd saman» i Danmark. Pakking og utsending vil skje i Noreg. Framstillinga av magnesiumen som utgjer «sjølve telefonen» vil skje frå sjøvatn frå Frierfjorden i Telemark.

Salstal I dag er produksjonen 100 telefonar om dagen, men vil bli trappa opp fram mot sommaren. Selskapet reknar med å måtte selje 10.000 telefonar i månaden for å dekke kostnadane, og har som mål å gå med overskott alt i år. Ein meiner 40-50.000 selde telefonar ikkje er urealistisk i år.

Ifylgje marknadsdirektøren i selskapet, Eirik Gundersen, vart det i fjor selt 1,5 millionar mobiltelefonar i Noreg. Spådomane går ut på at salstalet i år vil nå heile 1,7 millionar.

Selskapet tek frå starten sikte på den norske marknaden, dels for å teste ut og lære. I neste omgang vil ein vidare ut i Europa.

Telefonen har kapasitet til å kunne brukast over heile verda.

«Gammaldags»? Fleire kritikarar hevdar at den tekniske kapasiteten når det gjeld overføring av data er for låg til at Magcom vil lykkast. Det er spesielt med tanke på overføring av store mengder av data på kort tid ein då har i tanke. Telefondelen er i prinsipp ein vanleg GSM-telefon. Det blir stempla som «gammaldags».

Selskapet framhevar fleksibilitet i organisasjon og nyutvikling av programvare som viktige føresetnadar for å lykkast. Brukarane skal kunne laste ned ny programvare gratis frå nettet.

Pengane Hittil har investorane brukt 120 millionar av i alt 150 millionar kroner som er investert. 50 nye millionar skal vere investert i ny eigenkapital i løpet av denne veka.

Største aksjonær er Insight Capital med 21,2 prosent av aksjane. Anders Wilhelmesn AS og Telenor Venture AS har begge 16,8 prosent. Investor, tidlegare VG-journalist Inge Sørtensen er med 8,9 prosent av aksjane 4. største aksjonær. Deretter fylgjer Lars H. Høie med 8,6 prosent. Den kjente investoren Christen Sveaas er med selskapet Quest Shipping AS (Kistefoss) 6. største aksjonær.

Styreformann Harald Norvik opplyser til Bergens Tidende at han har ein opsjon på 10.000 aksjar. Han seier han har stor tru på selskapet og seier han vil investere dersom opsjonen står ved lag etter kapitalutvidinga.

SJEF FOR SATSINGA: Administrerande direktør Lars Øberg viste fram den nye norske mobiltelefonen på ein pressekonferanse måndag.