Det betyr samstundes at visepresident Hans J. Røsjorde misser sin nestkommanderande når han til hausten inntek fylkesmannsjobben i Oslo.

Karin Moe Røisland søkte i den nye runden. Bergens Tidende har grunn til å tru at ho vart beden om å søke.

Røisland er i dag konstituert som fylkesmann i Oslo og Akershus. Det er ho fram til Røsjorde kan tiltre embetet i oktober/november når han forlet Stortinget.

Røisland har sidan 1991 vore assisterande fylkesmann i Oslo og Akershus. I den posisjonen tente ho Kåre Willoch, som var fylkesmann frå 1989 til 1998.

Willoch var så nøgd med Røisland at han ikkje såg nokon grunn til å utlyse vikariatet som fylkesmann då Røsjorde vart utnemnd. Willoch meinte det gav seg sjølv at Røisland vart konstituert direkte.