Dette er klart etter møtet i Kontrollkomiteen i går. Før møtet i går låg det føre eit brev frå statsråden som svar på spørsmål komiteen stilte i førre veke.

Svaret fekk komitemedlemene til å sperre augene opp. Dei vart ikkje mindre innstilte på å granske denne saka.

«Medieomtale»

Av svaret går det nemleg fram at gruppa som har overteke Lista flystasjon, Lista Flypark AS, har tilbode Forsvaret, representert ved Forsvarsbygg, å få kjøpe eigedomen og selskapet Lista Flypark tilbake for 18 millionar kroner.

Kjøparen skal ha oppgjeve «medieomtalen av salet og negativ merksemd rundt verksemda» som bakgrunn for tilbodet.

Sjølv betalte kjøparen 3,5 millionar kroner for den digre eigedomen men vart samstundes tilførd 14,5 millionar kroner frå Forsvarsbygg. Reelt fekk kjøparen den fleire hundre mål store eigedomen og 11 millionar kroner med på handelen mot å overta plikter som var knytt til eigedomen.

— Vi kjem til å opne sak. Gjennom det som hittil har kome fram, er det klarlagd at aktuelle interesserte kjøparar ikkje fekk høve til å legge inn bod då eigedomen vart lagd ut for sal. Mellom desse er Farsund kommune, seier leiaren for Kontrollkomiteen, odelstingspresident Ågot Valle (SV), til Bergens Tidende.

Ulike verditakstar

Valle seier at komiteen må trenge til botns i kva som har skjedd. Ho minner om at det under avhendingsprosessen vart operert med fleire heilt ulike verditakstar på eigedomen. Først var summen mellom 200-300 millionar kroner, deretter var han 65 millionar for så å ende opp på 11 millionar.

Med ein takst på 65 millionar sa Farsund kommune takk for seg som interessent. Sjølv om eigedomen var attraktiv, var dette alt for dyrt for kommunen.

Dette kan minne om avhendinga av Østre Bolærne i Ytre Oslofjord i Vestfold der også kommune/fylkeskommune vart hekta av i salsprosessen på grunn av priskrav frå selgaren, Forsvaret ved Skifte Eiendom.

Saka fekk eit kraftig etterspel i Stortinget.