TERJE ULVEDAL

— Eg vil ikkje forskottere kva vi i fylkeskommunen skal meine denne gongen. Men at fylket sitt eige energiselskap er offensive og ønskjer å satse på nye energikjelder, har eg ikkje noko mot, seier fylkesordførar Nils R. Sandal.

Leiar i Norges Naturvernforbund, Erik Solheim, karakteriserer søknaden frå Sogn og Fjordane Energi (SFE) som både merkverdig og utidig.

— Meldinga er utidig fordi det demonstrerer at SFE ikkje tek omsyn til ålmenne vurderingar gjort av sin eigen eigar. Vi snakkar om eit unikt landskapsområde, slik fylkeskommunen sjølv påpeika berre for eit par år sidan.

La ned motsegn

Etter ein lang og bitter strid sa olje- og energiminister Einar Steensnæs våren 2002 nei til Statkrafts gigantiske planar om ein vindmøllepark til 500 millionar kroner på Hoddevikfjellet på Stadlandet, eit av dei mest vêrharde område i landet. Omsynet til det særmerkte landskapet var avgjerande.

Eit anna område

Dei fleste tolka avslaget i departementet som eit nei til vindkraftutbygging på Stadplatået. Men knapt tre år etter avslaget ligg ein ny søknad på bordet, denne gongen frå Sogn og Fjordane Energi (SFE). Selskapet som altså er eigd av fylkespolitikarane som engasjerte seg sterkt mot Statkraft-planane.

— Etter det vi forstår, er området SFE vil byggje ut mindre kontroversielt ut frå eit miljøomsyn, seier fylkesordføraren.

Forbausa

Men det meiner ikkje Stad Landskap, interesseorganisasjonen som blei skipa for å motarbeide Statkraft-planane.

— Vi er forbausa over å registrere at SFE har overteke der Statkraft måtte gje seg, skriv Knut Lundebrekke i organisasjonen i eit brev til energiselskapet.