Dette skjer i eit brev som forsvarsministeren har sendt til Kontroll— og konstitusjonskomiteen på Stortinget. Brevet er svar på fleire spørsmål komiteen har stilt i ei mykje omstridd personalsak.

Brevet er møtt med hovudrystande undring blant komitemedlemer Bergens Tidende har vore i kontakt med.

— Eg registrerer at vi ikkje har fått svar på det vi spurde om når det gjeld konsesjon. Eg kan berre seie at det er pinleg dersom det er slik, som det nå ser ut til, at statsråden nyttar seg av ei lov som ikkje var gjeldande, for å rettferdiggjere handlingane, seier stortingsrepresentant Siri Hall Arnøy (SV) til Bergens Tidende. Ho er saksordførar for denne saka.

Både statsråden og pressetalsmannen i Forsvarsdepartementet har uttala at denne personalsaka var særs alvorleg og at det dreide seg om 31 tilfelle av registrerte brot på tryggingsinstruksen.

Desse utsegnene har statsråden seinare måtta gå tilbake på og seie seg lei for.

Stortingskomiteen har stilt spørsmål om å få opplysningar om registeret som ein ventar departementet eller Forsvarets Overkommando nyttar seg av. Komiteen ville også ha kopi av retningsliner og konsesjon frå Datatilsynet.

Departementet kan nå korkje legge fram retningsliner for registeret eller kopi av konsesjon. Derimot viser statsråden til Tryggingslova av 20. mars 1998 og til Personopplysningslova av 14. april 2000.

Haken ved dette er berre at ingen av lovene galdt då dei påståtte tryggingsbrota i den aktuelle saka skjedde. Mannen fekk avskil i 1999.

Den første lova vart sett i kraft frå 1. juli 2001 og den andre lova frå 1. januar 2001.

Advokat Erik Fredum som representerer den oppsagde avdelingsdirektøren seier at han er forskrekka over at departementet kan få seg til å levere dette som svar på spørsmålet frå Stortinget. - Kva har desse lovene med saka å gjere. Dei er heilt irrelevante ettersom dei ikkje var gyldige i den aktuelle perioden, seier Fredum.