VIDAR YSTAD

Det opplyser riksadvokat Tor-Aksel Busch til Bergens Tidende.

Forsvararen, advokat Atle Helljesen, opplyser til Bergens Tidende at Viksveen nå gjev ei omfattande skriftleg tilleggsforklaring.

Til riksadvokaten

Forklaringa blir ein av dei første dagane levert direkte til riksadvokaten. Den er meir omfangsrik enn den opprinnelege forklaringa som Viksveen gav i Oslo forhøyrsrett i oktober i fjor.

— Det inneber ingen endring av tidlegare forklaring. Men Viksveen har sett det som fornuftig å gje ei utvida forklaring etter dei rettslege avhøyra som vart gjennomførd i Tyskland i januar, seier Helljesen.

Fleire av dei tyske vitna, som tidlegare arbeidde for Stasi, hevda å ha møtt Viksveen fleire gongar. Men det er spinkelt med opplysningar om eventuell overlevring av sensitivt materiale.

Nytt avhøyr i Tyskland

Helljesen seier han har reagert med undring på at POT og påtalemakta har gjennomførd nytt avhøyr i Tyskland av ein av dei sentrale vitna som vart avhøyrd rettsleg i januar. Det nye avhøyret vart gjennomførd utan at han vart varsla.

Siktemålet var tydelegvis, ifylgje Helljesen, å søke å eliminere motseiingar i tidlegare forklaringar frå dette vitnet, Heinz Becker.

— Men det målet vart ikkje oppnådd, seier Helljesen.

Påtalespørsmålet

Han har bede riksadvokaten stadfeste eventuelt avkrefte dei nye påstandane om kva innstillinga frå statsadvokaten i saka går ut på. Han har hittil ikkje fått svar.

Påstanden i Aftenposten laurdag, var den same som VG serverte tidlegare i sommar: at statsadvokaten tilrår tiltale for forsøk på spionasje gjennom 30 år.

Gode kjelder i påtalemakta stiller seg høgst undrande til ein slik straffepåstand. Ikkje minst ser ein med spenning fram til korleis riksadvokaten i tilfelle skal grunngje eller forklare kvifor det berre vart forsøk - at Viksveen etter dette ikkje lykkast.

Kritisk EOS-leiar

Leiaren for Stortinget sitt kontrollutval for dei hemmelege tenestene, ambassadør Leif Mevik, opplyser til Bergens Tidende at han og utvalet ikkje har fått noka orientering om saka.

— Eg er høgst forbausa over desse nye opplysningane om utviklinga og innstillinga i saka. Det hadde vore hyggeleg å bli informert. Vi har bede om å bli orientert men har likevel ikkje fått nokon informasjon.

— Det er mogeleg at vi ikkje har krav på å bli orientert, men ut frå prinsippet om å bli løpande orientert om viktige saker, oppfattar eg det ikkje som unaturleg at vi hadde fått ei orientering, seier Mevik.

SNAKKAR: Stein Viksveen si forklaring blir ein av dei første dagane levert direkte til riksadvokaten.
ARKIVFOTO: SCANPIX