Steinsdalsfossen meir turistvennleg KVAM: Steinsdalsfossen blir ikkje større enn han er. Men no har ein av dei største turisattraksjonane i Hardanger vorten endå meir turistvennleg. Heile det fine sveitsarhuset frå 1932 ved Steinsdalsfossen er blitt til turisthus. Det er laga ny uteplass for tilskodarar til den spektakulære fossen, og trappen til kjellaren er opna for ferdsle, der finn ein den eldste elektriske bakaromnen i Noreg. Kvart år stoggar fleire tusen forbifarande for å sjå på, og for å gå under fossen. I sommar har fossen vore spesielt i fokus, sidan han er nytta som utstillingsfigur på den norske paviljongen under verdsutstillinga EXPO 2000 i Hannover.

Ras ved Sørfjorden ODDA: Riksveg 13 like nord for Tyssedal måtte stengast eit par timar laurdag kveld på grunn av steinras. Til alt hell var det ingen bilar i området då raset gjekk. Raset var meld like før klokka 20, og politiet tilkalte maskin for å fjerna massane. Vegen vart opna att i 22-tida.

Tysker måtte parkere sykkelen EIDFJORD: En tysk motorsyklist måtte avbryte motorsykkelturen og punge ut med 12.000 kroner i bot, etter at han kjørte forbi politiets laserpistol i 138 kilometer i timen på Hardangervidda fredag kveld. Kontrollen fant sted ved Skiftesjøen i Eidfjord kommune. Tyskeren vedtok boten. Førerkortet ble beslaglagt, og han har fått kjøreforbud i Norge de neste 12 månedene, sier vaktsjef Olaf Bratland ved Hardanger politidistrikt til Bergens Tidende. Ifølge politiet blir sykkelen hentet og brakt til Tyskland av andre som reiste sammen med ham.

Ni timar på berghylle BALESTRAND: Ni timar tok det før det nederlandske paret kom trygt ned att til Esefjorden. På fjellturen gjekk dei seg fast i Grisagrø og kom korkje opp eller ned. Dei kontakta sjølve AMK-sentralen med mobiltelefon og ba om hjelp litt over klokka 12 fredag. Paret i 20-årsalderen sat fast i fjellsida over Esedalen og det tok tid før politikvinna og tre friviljuge frå hjelpekorpset fann fram til skorfestet. Men ved 20-30-tida var eit helikopter på plass og fekk dei uheldig turistane ned.

Møkklei av møkkavatn BREMANGER: Lensmann Guttorm Bjørnsen i Bremanger ber Fylkesmannen i Sogn og Fjordane å pålegga Bremanger kommune om straks å få orden på drikkevatnet i kommunen. I eit brev til Fylkesmannen skriv lensmannen at det er mange som vender seg til han for å få gjort noko med saka. — Og då er den mi plikt som talsmann for folket i mitt distrikt å gå vidare med saka, seier Bjørnsen til Firdaposten. Folk som får vatnet sitt frå Svelgen vassverk vert nemleg bede om å koka vatnet får dei drikk det. Og slik har det vore i mange år, nesten utan opphald. Lensmannen er også interessert i få vita kvar alle pengane som vert tekne inn i vassavgifter i kommunen vert av. Ifølge kommunen er det stor lekkasje på ledningsnettet som er årsaka til det ureine drikkevatnet.

Truga politiet etter motortjuveri FLORØ: Ein florøværing er varetektsfengsla i fire veker sikta for tjuveri av ein eller fleire båtmotorar. Men i tillegg er han sikta for andre brotsverk, m.a. for å ha kjøpt og brukt amfetamin og for promillekøyring. Då han vart pågripen kom han med sterke trugsmål mot politiet. Også for det er han sikta.