Ei granskinga laga av høgskulelektor Kjersti Alsaker ved Høgskolen i Bergen viser at over halvparten av kvinnene som oppsøkjer krisesentra har blitt drapstrua av partnaren sin. Tre av fire har opplevd trugslar om alvorleg vald. Og mange har også blitt utsette for vald. Kvelartak er ikkje uvanleg, 47 prosent har opplevd det. Det vanlegaste er å bli banka opp.

87 kvinner har vore med i undersøkinga som blei gjort i 2003. Alle kvinnene som er med i granskinga hadde budd minst ei veke på krisesenter. I eit detaljert spørjeskjema blei kvinnene mellom anna bedne om å svare på kva type vald dei var utsette for, korleis dette påverka helse og livskvalitet og kva dette gjorde med deira sjølvkjensle?

Finske, svenske og norske

Fordi skjemaet kravde solide norskkunnskapar, er det stor overvekt av etniske norske kvinner med norske partnarar. 73 av dei 87 kvinnene var fødde og oppvaksne i Noreg.

— Norske kvinner blir utsette for veldig alvorleg psykisk og fysisk vald. Tilsvarande undersøkingar er gjort i utlandet. Funna eg har gjort viser at det er fleire tilfelle av grov vald og trugsmål om grov vald her i landet, enn i granskingar frå andre land det er råd å samanlikne med. Til ein viss grad er dette overraskande, men det kan ha ei forklaring i at eg valde å bruke kvinner som hadde budd minst ei veke på krisesenter, seier Kjersti Alsaker.

— Kvifor meiner du det er overraskande «til ein viss grad», det norske samfunnet blir jo rekna som eit av dei mest likestilte i verda?

— Fordi det er gjort undersøkingar tidlegare som indikerer det same. Mellom anna er det gjort ein stor spansk studie om valdsbruk mellom europeiske menn. Konklusjonen var at finske menn var mest valdelege. Deretter kom svenskar og nordmenn, fortel Alsaker.

Vil ha kvinnene heime

På dagens seminar om vald og helse skal ho for første gong presentere funna frå den to år gamle undersøkinga.

I tillegg til vald og trugslar om vald, fortel også kvinnene i undersøkinga om ektemenn/partnarar som ikkje vil at dei skal vere i jobb eller gå ut av huset åleine.

— Nesten 20 prosent av kvinnene i undersøkinga svarer at dette er noko dei har opplevd svært ofte. Andelen som har erfart dette, er langt høgare. Dette er ein type psykisk vald som eg er overraska over førekjem så hyppig i vår tid. Desse mennene gjer kvinner til sine personlege tenarar. Og dette gjer noko med kvinnene. Det innskrenkar deira personlege fridom, dei blir gjort små, seier Alsaker.

Dei 87 kvinnene som er med i undersøkinga utgjer eit gjennomsnitt av norske kvinner. Eksempelvis har dei ei utdanning som er på snittet av det kvinner har i dagens norske samfunn. Granskinga slår dermed også eit stykke på veg bein under førestellinga om at kvinner som blir utsette for vald og psykisk terror i parforhold, har låg utdanning og kjem frå lågare sosiale lag.

Patriarkalsk terrorisme

Undersøkinga viser at den fysiske og psykiske valden får alvorlege helsemessige følgjer både for dei overlevande og barna i slike familiar. Kvinner som blir utsett for mishandling har oftare abort, gynekologiske problem og depresjonar enn sine medsystrer.

Kjersti Alsaker meiner funna frå undersøkinga vitnar om det ho kallar patriarkalsk terrorisme.

— Dette er menn som meiner dei har rett til å ha kontroll over «si» kvinne, seier forskaren.

Ho er no i ferd med å analysere resultata frå ei oppfølgjande undersøking som blei gjort i fjor. Dei aller fleste kvinnene hadde då brote ut av parforholdet, men mykje tyder på at dei får store vanskar etterpå.

— Dei får ikkje fred for eksen sin. Det vi ser er at det hjelper lite å gje desse kvinnene psykologhjelp, dersom dei framleis opplever trugslar frå ein tidlegare samlivspartnar, seier Alsaker.

Ho meiner den viktigaste utfordringa i framtida blir å få til tverrfagleg samarbeid kring den enkelte som blir ramma av vald i parforhold. I tillegg til helse- og sosialetaten, må politi og krisesentra koplast sterkare inn enn tilfellet er i dag.