Hollywood-stjerna Angelina Jolie har gjort brystkreft til ein global snakkis, etter ho tysdag skreiv eit innlegg i New York Times. Der fortalde ho at ho hadde fått fjerna brysta, etter at det vart påvist at ho bar på eit gen, BRCA1, som gjev stor risiko for brystkreft.

Norske kvinner som får påvist dette, og det beslekta genet BRCA2, får i utgangspunktet tilbod om jamlege mammografi— og MR-undersøkingar.

— Det er standard anbefaling. Men så opnar vi òg for at dei som ønskjer det kan få brysta fjerna som Jolie. For det er den måten ein kan redusere risikoen mest mogleg, seier Hildegunn Høberg Vetti, overlege ved Senter for medisinsk genetikk og molekylærmedisin og leiar for Regionalt kompetansesenter for arveleg kreft i Helse Bergen.

Får nye bryst

«Jolie-behandlinga» består i at ein fjernar kjertelvevet i brysta og erstattar det med protesar.

— Ein bevarer dermed huda, og brysta vil dermed sjå ut omtrent som før, seier Vetti.

Det til forskjell frå dei som allereie har fått brystkreft. Då blir heile brystet fjerna, inkludert huda. Så må nye bryst rekonstruerast.

- Er det mange som vel å gjere som Jolie?

— Ja, fleire og fleire. Fram til no er det kanskje 300 som har gjort det, og trenden er at stadig fleire vel den løysinga. Og det blir sikkert fleire etter dette, seier Vetti.

Fleire i Stavanger

Genfeilen som Jolie hadde er sjeldan, men gjev svært høg risiko for brystkreft, gjerne opp til 90 prosent. Akkurat kor mange kvinner i Norge som ber på dei to gena er uvisst, men det er fleire tusen. Av dei 2800 som årleg får påvist brystkreft, har 1–2 prosent denne arvelege genfeilen. Det betyr 30–60 kvinner kvart år.

— Vi veit det er hyppigare på Sør-Vestlandet, og veldig hyppig i Rogaland. Medan 10 % prosent av dei som får eggstokkreft her i landet har påvist desse gena, er det i Stavanger nesten 25 prosent, seier Vetti.

Får tilbod om gentest

Eit forskingsprosjekt gjer at alle kvinner som få påvist bryst- eller eggstokkreft får tilbod om ein gentest. Blir det påvist genfeil, vil òg friske søstrer og døtrer få tilbod om det same.

Kvinner som har mange med påvist brystkreft i familien, spesielt dersom dei fekk kreft i ung alder, kan òg få tatt ein gentest. Det skjer gjennom ei tilvising frå fastlegen.

Åtvarar mot USA-test

Gentestar ein bestiller på nettet frå USA og andre stader åtvarar Vetti sterkt mot.

— Det vil eg fråråde. Kvaliteten på testane er variabel og informasjonen du får er vanskeleg å halde seg til, seier ho.

På Haukeland har dei likevel tatt i mot fleire som har gått til fastlegen sin med enkelte testar. Ho seier dei her til dømes har sett testar som viser gen som blir påstått gjev større sjanse for kreft, som forsking for lengst har vist er feil.

Ho seier slike testar òg kan gjere at folk som treng kapasiteten på sjukehuset meir ikkje får hjelp.

— Viss poliklinikken druknar i førespurnader frå folk som ikkje treng å bekymre seg, så får vi ikkje tid til å ta oss av dei som har ein risiko og som verkeleg treng det, seier ho.

Ber dei fjerne brysta

Dei nye nasjonale retningslinene rår kvinner med arveleg brystkreft om å fjerne eggstokkane ved 35 år og å operere vekk brysta når ein er 40 år gammal. Dette gjeld dei kvinnene som har fått beskjed om at de har dei hissige kreftformene BRCA1 og BRCA2.

— Tidlegare råda vi desse til mammografi, men såg at det ikkje var tilstrekkeleg. Etter det gav vi råd om MR-undersøking. Men vi meiner at heller ikkje dette er nok, seier leiar i Norsk Bryst Cancer Gruppe, Erik Wist.

- Kva råd ville du ha gitt til ei kvinne som lurer på om ho skal teste seg?

— Dersom ein har ei mor med dette genet så bør ein la seg teste. Og mødrer bør seie ifrå til sine døtrer om dei vet dei har dette genet. Men vi veit at det ikkje er alle som gjer dette, fordi det kastar for mykje skugge over livet til døtrene, seier Wist.

Opererer endå tidlegare

Amming ser ikkje ut til å ha noko å bety for korleis dette genet påverkar risikoen.

— Nokre kvinner får vite at dei har dette arvelege genet tidleg og slår seg ikkje til ro med at dei bør operere brysta først ved 40 år. Dei tek denne operasjonen med ein gang. Det må vi vere opne for, seier Wist.

Brystkreftforeningen får stadig fleire medlemmer med arveleg brystkreft, som har operert bort friske bryst.

— Det blir stadig meir openheit og medvit rundt dette. Mange av desse kvinnene går gjennom det same som dei som har fått brystkreft. Både fysisk og psykisk er det ei påkjenning for desse kvinnene, seier nestleiar Veronica Frantzen i Brystkreftforeningen si gruppe for dei under 40.

Høg risiko

Foreininga med 14 000 medlemmer gir ikkje medisinske råd til kvinner som vurderer å operere grunna høg risiko for brystkreft.

— Om dei skal teste seg eller ikkje er eit val dei sjølv må ta. Her får dei eit tilbod om nokon å snakke med som har vore gjennom dette, seier Marit Røyneberg, dagleg leiar i Brystkreftforeningen.

Ho meiner eitt aspekt er viktig å ta med når ein snakkar om gentesting.

— Er du arveleg disponert for ein sjukdom er det i mange tilfelle lite du kan gjere. Men når det gjeld arveleg brystkreft kan du faktisk gjere deg noko for å minske risikoen. Det meiner eg er viktig å få med, seier Røyneberg.