I marsnummeret til National Geographic Traveler står det svart på kvitt: Av verdas mange berømte reisemål er norske fjordar best! Eit ekspertpanel har evaluert 115 av verdas mest berømte reisemål, og det er «Norwegian fjords» som trekk det lengste strået.

Fjord-Norge får 82 av 100 moglege poeng, og det er høgaste poengsum i det amerikanske reisemagasinet, som har seks millionar lesarar. Dermed ligg fjordane fire poeng foran tre reisemål som deler andreplassen: Cape Breton i Kanada, South Island på New Zealand og Torres del Paine i Chile.

— Heilt fantastisk! Denne artikkelen er verdt si vekt i gull for oss, sa direktør Helge Møller for Reisemål Hardangerfjord, då BT fortalde han om topplasseringa i går kveld.

«Vidunderleg»

200 internasjonale ekspertar har evaluert dei verdskjende turistmåla - frå Phuket, Key West og Lake District til Fiji, Vermont, og Machu Picchu.

Men miljøproblem, utbygging og masseturisme er ei stor utfordring for populære turistfeller, og panelet fekk i oppdrag å evaluere kven av desse attraksjonane som er best bevarte og forvalta i dag.

Redaktør for geoturisme i National Geographic Traveler, Jonathan B. Tourtellot, skriv at det ikkje er overraskande at dei norske fjordane fekk høgast poengsum - og at det skuldast flaks og klok forvalting: Ulendt terreng, kaldt og vått klima, vanskeleg tilgang og ein kort turistsesong har halde utbygging på eit relativt lågt nivå.

Fjordane mistar likevel nokre poeng på grunn av overdriven cruisetrafikk og trugsmålet mot villaksen, skriv redaktøren. Men han ville overraskande nok ikkje kommentere artikkelen, då BT ringde han fredag.

— Dette nummeret kom ut før planen. Derfor kan eg ikkje snakke med deg no. Ring igjen neste veke!

Minus for stor cruisetrafikk

Ein av deltakarane i ekspertpanelet, Eduardo Nycander, skriv om Fjord-Noreg:

«Denne staden er vidunderleg: levande tradisjonell kultur, nydeleg landskap, ikkje overfylt. Eg er svært fornøgd med korleis dette reisemålet er teke vare på».

— Seks millionar kjem til å sjå denne artikkelen, og vi skal sørgje for at endå fleire les den. Dette må vi utnytte til fulle, seier reiselivsdirektør Møller til BT.

— Du føler du sit på ei gullgruve no?

— Ja, det har eg gjort lenge, men det er kjekt å få fleire bevis. Vi har følgt med i internasjonale trender lenge, og har fått fleire indikasjonar på at Hardanger er framtidas reisemål, reklamere Møller, og legg til:

— Hardanger er på 6500 kvadratmeter og har berre 22.000 innbyggjarar. Det er eit enormt område. Her kan folk boltre seg fritt, utfalde seg, få ny energi og harmoni i pakt med naturen.

Direktør for Leikanger Fjord Hotell blir også oppglødd over artikkelen.

— Utruleg positivt. Noreg er altfor dårleg marknadsført i utlandet, og er ein av Europas best bevarte hemmelegheiter. Då er det flott med ei slik gratis påskjønning, seier Jan Erik Lie til BT.

BEST I VERDA: Av 115 verdsberømte turistmål får norske fjordar høgast poengsum i marsnummeret av National Geographic Traveler. Her ser vi ein av dei, Granvinsfjorden.<p/>FOTO: HELGE SUNDE