Norske barn veks
Norske skulebarn er blitt både høgare og tyngre på tretti år, viser forsking i Bergen. Dagens kurver for normal vekst og utvikling må skiftast ut.
AV: kjersti mjør
For kort, for lang, for rund, for tynn? Eller akkurat passe? Når barnets mål og vekt blir ført opp på det rosa eller blå standardarket på helsestasjonen, følgjer mor og far nervøst med: Er gullungen innanfor normalkurven?
Men svaret dei får, kan vere misvisande. Dagens vekstkurver, som vart laga på 1970- og 80-talet, er nemleg utdaterte, viser Vekststudien i Bergen. I løpet av ein generasjon er norske skulebarn blitt både lengre og tyngre.
– Viss ikkje kartet stemmer med terrenget, må vi ha eit nytt, konstaterer stipendiat og overlege Pétur Júlíusson ved Barneklinikken i Bergen.
Lengre jenter og gutar
Forskingsgruppa til Júlíusson har utarbeidd nye kurver for normal vekst og utvikling, basert på mål og vekt til nær 7300 friske bergensbarn. Vekstkurvene blir presenterte i Tidsskrift for Den norske legeforening.
Inntil 4-5-årsalderen er vekt og høgde hos norske barn nokså uendra dei siste tjue år. Samtidig ligg kurvene for denne aldersgruppa over den internasjonale vekststandarden til Verdas Helseorganisasjon (WHO).
– Men den såkalla overvektsepidemien ser ikkje ut til å ramme dei minste barna. Det er ei gledeleg overrasking.
Først i høg barnealder og pubertet kjem dei største forskjellane til syne:
- Eldre gutar er opptil 3,4 cm lengre.
- Eldre jenter er inntil 2,5 cm lengre.
- Tre til fire gonger så mange barn er overvektige.
Men det er slett ikkje slik at norske barn generelt blir tyngre. Overvekt rammar framleis ei undergruppe, understrekar Júlíusson:
– Dei tyngste blir tyngre. Dei gjennomsnittlege er som før.
Homo sapiens når taket
Dette funnet er viktig, seier medforfattar og professor Robert Bjerknes, fordi overvekt ofte feilaktig blir framstilt som noko som rammar barn flest.
– Men det er ingen tvil om at vi får fleire overvektige barn, og det er bekymringsfullt. Overvekt medfører reell helserisiko for dei unge det gjeld. Etter vår oppfatning er førebygging og tiltak overfor denne gruppa svært viktig.
Forklaringane på kvifor norske barn veks slik dei gjer til ei kvar tid, er komplekse. Dei siste hundre åra er europearane blitt litt høgare for kvar generasjon. Betre oppvekstvilkår og ernæring og færre infeksjonar er truleg dei viktigaste årsakene. Tidlegare pubertet kan også vere ei forklaring.
– Samtidig har vi sett ei avflating i høgdeutvikling hos vernepliktige dei siste tjue åra. Det tar lang tid før Homo sapiens når sitt biologiske potensial, men kanskje er vi der snart, undrast Júlíusson og Bjerknes.
Endringar i kosthald og livsstil kan forklare at fleire barn blir tyngre. At overvekt først blir tydeleg etter 4-5-årsalderen, kan ha samanheng med at risikofaktorar som usunn mat og passivitet framfor tv- og dataskjerm gir større utslag blant eldre enn yngre barn.
Klar for utskifting
Kva vekstkurver som til ei kvar tid blir brukt på helsestasjonar og legekontor, får konsekvensar for utgreiing og behandling av barn. Er kurvene misvisande, kan barn bli tilvist vidare unødvendig – eller omvendt.
Forandringane som Vekststudien i Bergen har dokumentert, viser at dagens vekstskjema er modent for utskifting, seier Júlíusson og Bjerknes.
– Kurvene speglar ikkje friske ungar i dag. Forskjellane er såpass store at det får betydning for helsa. Dette er det viktigaste argumentet for at styresmaktene må ta ein grundig diskusjon om kva vekstkurver vi skal bruke i dette landet.
Les også
Siste fra Innenriks
Norske vekstkurver
- Dei første norske vekstkurvene var utarbeidd av Alfred Sundal i Bergen på 1950-talet. Nær 17.800 barn deltok.
- Dagens kurver er basert på data om barn i Bergen (1971-74) og i Oslo og Hedmark (1982-84) i tillegg til data frå Medisinsk fødselsregister (MFR) for same tidsrom.
- Vekstkurvene som blir presenterte i BT i dag, er basert på målingar i perioden 2003-06. I alt 7291 etnisk norske og friske barn i Bergen i alderen 0-19 år er med.
- Dei nye vekstkurvene er samanlikna med dei to tidlegare norske referansekurvene, samt internasjonale WHO-kurver for vekststandard.
Relaterte bilder
FOTO: Roar Christiansen