VIDAR YSTAD

Oslo

— Eg er van med at Normann hissar seg opp, men dette var i meste laget. Det er sterkt å oppleve at ein statsråd frå talarstolen skuldar oss for å fare med løgn. Eg har aldri opplevd noko liknande. Det vart då også tema mellom oss som var att, etter at møtet var slutt.

Det seier leiaren i Norsk Tjenestemannslag, Turid Lilleheie, til Bergens Tidende.

Ho seier at skuldinga om at dei fer med løgn er heilt feil. Ho finn det likevel nyttelaust å forfylgje saka overfor Norman.

— Det får i tilfelle statsminister Kjell Magne Bondevik gjere, seier ho.

— Sjølv ville eg aldri finne på å skulde ein statsråd for å fare med løgn frå talarstolen. Då måtte eg ha vore så sint at eg ikkje visste kvar eg var, seier Lilleheie.

Norman avviser

Statsråd Norman avviser overfor Bergens Tidende at han har skulda organisasjonane for å fare med løgn.

— Det eg derimot har sagt er at påstanden om at vi ikkje har hatt ein ryddig prosess med organisasjonane om utflytting av tilsyn, er løgn.

Norman seier at det var ein representant for NTL som kom med ein påstand som han reagerte mot.

NTL-representanten hevda at Norman hadde gjeve rette opplysningar i Stortinget om forholdet til organisasjonane til dei tilsette. Det var denne påstanden Norman karakteriserte som løgn. Han seier det har vore «løpande dialog» og fleire møte med organisasjonane til dei tilsette i tilsyna.

Lilleheie er ikkje åleine om å ha oppfatta det slik at Norman skulda organisasjonane om å fare med løgn.

Krass mot Norman

Stortingsrepresentant Marit Nybakk, som er leiar i Oslo Arbeidarsamfunn, gjer det same. Ho seier dette til Bergens Tidende.

— Det minste ein kan forlange av ein statsråd er at ein forheld seg til organisasjonane og fylgjer avtaleverket på ein skikkeleg måte. Det har han etter min kjennskap til saka ikkje gjort. Han burde som statsråd også hugse på at han er statens politiske personaldirektør. Då må han behandle dei tilsette på ein skikkeleg måte. Det manglar det mykje på nå. Det er heller ikkje god personalpolitikk å presse igjennom omstillingar som betyr at 900 arbeidsplassar blir lagt ned. På møtet kom han også med den nye opplysninga at han vil deregulere og slanke tilsyna slik at det skal bli færre jobbar.

Møtet vart arrangert av Oslo Arbeidarsamfunn i samarbeid med Oslo Arbeiderparti, Akershus Arbeiderparti og LO i Oslo. 5-600 personar var til stades, og lokalet var så fullt at ikkje alle slapp inn.

Krast i Oslo Høgre

Kvelden før hadde Norman debattert same tema på eit møte i Oslo Høgre. Også her fekk han så hatten passa. Han fekk høyre at det ikkje er høgre-politikk å flytte arbeidsplassar ut av Oslo.

— Eit samla Oslo-parti går mot utflytting av ni statlege tilsyn. Det gjer vi fordi vi meiner det er heilt feil politikk, seier byrådsleiar Erling Lae til Bergens Tidende. Det er han som frontar saka i Oslo Høgre sidan leiaren i Oslo Høgre, Per-Kristian Foss, er medlem av regjeringa og lojalt sluttar opp om den kursen regjeringa har valt.

— Dette er inga god sak for oss i kommunevalkampen, seier Lae.

I HARDT VÊR: Hardkøyr mot administrasjonsminister Victor Norman i Oslo Ap og i Oslo Høgre.

ARKIVFOTO: BERIT ROALD, SCANPIX