— Eg vil nå kome tilbake så raskt som råd og seinast 1. juli, etter det som nå har skjedd. Når eg kan ta til, må eg avklare med statsministerens kontor ettersom det er vikar for meg fram til 1. juli, seier Røisland til Bergens Tidende på telefon frå Brussel.

Ho vil ikkje seie så mykje om kvifor ho forlet departementet. Røisland er den øvste embetsmannen i departementet. Ho forlet jobben sin eit drygt halvår etter at Norman vart statsråd av di det skar seg mellom dei to. Det har Norman tidlegare vedgått overfor BT.

Røisland fekk permisjon får stillinga i mai 2002 for å fungere som departementsråd i Sosialdepartementet. Ho bytta jobb med departementsråden i Sosialdepartementet, Ellen Seip, som måtte ut av di ho hadde innleidd eit forhold til den eine av statssekretærane i same departement, Ottar Kaldheim.

Etter eit drygt halvår ville Seip tilbake til Sosialdepartementet. Då måtte Kaldheim ut. Han vart plassert som statssekretær hjå Norman etter at Christine Meyer slutta i den jobben.

Men Røisland ville ikkje tilbake til Norman. I staden vart det rydda plass for henne som spesialutsending/ambassaderåd ved den norske EU-delegasjonen i Brussel. Dette engasjementet er sidan forlenga tre gongar og går nå fram til 30. juni i år.