Kritikken rettar seg mot manglande informasjon og medverknad under omstilling i departementet. Omorganiseringa blir karakterisert som «diktat ovanfrå».

«Gammeldags holdning»

«Mye av den omorganiseringen som er gjort i AAD etter årsskiftet er etter vår vurdering basert på en gammeldags holdning til organisasjonsutvikling og bør ikke fortsette» heiter det i eit vedtak frå årsmøtet i foreininga.

NTL slår fast at dei tilsette som blir omfatta av organisasjonsendringane har rett til å bli høyrt og har viktige kunnskapa som burde vere med i vurderingane før avgjerder blir fatta.

Men «de tilsattes organisasjoner har ikke vært med på disse omorganiseringane etter årsskiftet, men har bare blitt orientert om beslutningene», heiter det i vedtaket.

«Årsmøtet i NTL 2-10 beklager denne måten å drive organisasjonsutvikling på.»

«Ovanfrå og ned»

— Vi vil ikkje påstå at det som har skjedd er direkte ulovleg. Men vi meiner det er i strid med intensjonane i Hovudavtalen, seier leiaren i NTL i AAD, Tore Simonsen, til Bergens Tidende.

— Vi har sett ei ovanfrå og ned-haldning som verkar uhyre negativt for dei som blir omfatta. På den måten oppnår ein det motsette av det som burde vere intensjonen, å skape eit positivt forhold til omorganiseringa. Det inneber også at utsiktene til gode resultat blir svekka, seier Simonsen.

Til etterretning

John Engstrøm, som har tittelen stabssjef i AAD, seier til Bergens Tidende at leiinga i departementet tek kritikken frå NTL til etterretning.

— Vi kan berre konstatere at dei meiner at dei har hatt for liten innverknad og må syte for at det blir betre for framtida.

Engstrøm er lei for at NTL har funne grunn til å fremje ein slik kritikk. Av opplysningane framgår det vidare at dei andre foreiningane i departementet heller ikkje har vore heilt nøgde.

Knallhard kritikk

Den kritikken som nå kjem internt i departementet om manglande informasjon og medverknad, er heilt i tråd med kritikk som tidlegare har kome frå 45 tillitsvalde i etatar som har hatt med Norman å gjere. Og frå leiaren i Sentraladministrasjonens Tjenestemannslag.

10. april sendte dei 45 eit manande brev til statsminister Kjell Magne Bondevik der dei kom med knallhard kritikk mot Norman sin måte å arbeide på som statsråd.

Eit slikt utspel er eit særsyn i norsk forvaltningshistorie.