Det er rettane til arbeidstakarane i direktoratet Statskonsult som skaper problem.

Komiteen vil at Lovavdelinga i Justisdepartementet skal vurdere dei juridiske sidene ved saka. Det skjer etter at arbeidsrettsspesialisten, professor Henning Jakhelln, har kome med juridiske innvendingar mot sider ved framlegget frå statsråd Victor D. Norman.

Bergens Tidende er kjent med at Administrasjonsdepartementet har laga si eiga vurdering av problemet etter at dei har lese vurderinga frå professor Jakhelln. Departementet konkluderer med at «Jakhellns betenkning innebærer ikke noe nytt av betydning for saken», som det heiter i internnotatet.

Avgjerda om å sende saka tilbake til statsråden bygger på det som kom fram under ei høyring i Kommunalkomiteen torsdag, opplyser leiaren for komiteen, Magnhild Meltveit Kleppa (Sp), til Bergens Tidende.

— Under høyringa vart det reist spørsmål om den avgjerda Stortinget er invitert til å fatte, vil vere i strid med paragraf 97 i Grunnlova. Det må vi sjølvsagt få undersøkt, seier Kleppa.