Dykkarane skuldar staten for å ha utsett dei for livsfare i jakta på petroleumsressursane.

Dykkarsamanslutninga Nordsjødykkeralliansen har nyleg meld to toppembetskvinner i Arbeids— og inkluderingsdepartementet til politiet. Den eine er ekspedisjonssjef Gundla Kvam, den andre avdelingsdirektør Marianne Stein.

Grunnlaget er mellom anna påståtte unnlatingssynder frå embetskvinnene si side. Dei har leia avdelinga som har ansvaret for tryggingstiltak i dykkesektoren, i ei årrekke.

«Spela hasard»

Offshoredykkerunionen har på si side stemna staten for retten med krav om erstatning. Førebels har 27 dykkarar på individuell basis, teke ut stemning. I tillegg har Offshoredykkerunionen erklært hjelpeintervensjon.

Stemningane ligg nå på regjeringsadvokaten sitt bord, stadfester regjeringsavokat Sven Ole Fagernæs overfor Bergens Tidende.

Begge organisasjonane har det same grunnlaget for reaksjonane sine: Dei meiner staten har spela hasrad med liv og helse til dykkarane for å få hand om olje og gass frå norsk sokkel. Dei hevdar at staten og staten sine ansvarlege embetsmenn, har sett bort frå faremomenta og kjente medisinske fakta ved å la dykkinga pågå.

Begge organisasjonane er svært misnøgde med den erstatningsordninga Stortinget vedtok i 2004.

Tragiske konsekvensar

Ein svært høg prosent av Nordsjødykkarane har pådrege seg varige helseskadar som fylgje av dykkinga. Svært mange av dei er blitt uføretrygda i ung alder. Det har også vore ein høg sjølvmordprosent mellom desse dykkarane. Endeleg har fleire dykkarar døydd under eller i samband med dykkaroppdrag.

Desse forholda er grundig dokumentert gjennom ei omfattande helseundersøking utførd av Yrkesmedisinsk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus. Rapporten vart ferdigstilt i desember 2004, etter at Stortinget hadde behandla dykkarsaka.

Blir politietterforska

Nordsjødykkeralliansen har frå før meld NUI/NUTEC i Bergen til politiet for brot på arbeidsmiljølov, straffelov med meir.

Bakgrunnen er mellom anna eit eksperimentdykk som vart gjennomførd hausten 2002 til 350 meter. Fleire av dei åtte dykkarane som deltok, skal ha blitt påførd varige helseskader som fylgje av testdykket. Alle dei åtte dykkarane vart fråteke dykkarsertifikata sine etter dette dykkeprosjektet. Prosjektet er i ettertid blitt omdefinert frå «testdykk» til «verifikasjonsdykk».

Denne saka er under etterforsking ved Hordaland politidistrikt.

— Dette er ei kompleks sak med omfattande dokumentmengder, opplyser politiadvokat Kåre Songstad til Bergens Tidende.

Staten sitt ansvar

Problema for Nordsjø-dykkarane og kva dei har vore utsett for, vart eit stykke på veg dokumentert gjennom rapporten frå det offentlege granskingsutvalet som avla rapport i januar 2003. Utvalet konkluderte med at staten har eit rettsleg erstatningsansvar for kva dykkarane er blitt utsett for.

Granskingsutvalet vart sett ned etter krav frå Stortinget, ikkje minst med bakgrunn i den dokumentasjonen Nordsjødykkeralliansen hadde greid å framskaffe. Dei kunne dokumentere ein serie alvorlege brot på grunnleggande tryggings- og arbeidsmiljøforskrifter.

Regjeringa var likevel ikkje samd med granskingsutvalet. Basert på ein uttale frå Lovavdelinga i Justisdepartementet gjekk Bondevik-regjeringa, med Victor D. Norman som ansvarleg statsråd, imot at staten har noko erstatningsansvar. Regjeringa ville likevel yte ein viss kompensasjon.

Her opplevde ein at Lovavdelinga i Justisdepartementet gjekk imot at staten skulle ha noko erstatningsansvar. Justisepartementet uttala seg ikkje om spørsmålet i høyringssvaret sitt. Lovavdelinga vann gehør hjå Norman og Regjeringa.

Gav kompensasjon

Våren 2004 vedtok Stortinget å gje tidlegare Nordsjø-dykkarar frå «pionertida 1965-1990» ein kompensasjon på inntil 40 G (Grunnbeløpet i Folketrygda 60.699 kr. Pr. 1. mai 2005) ved 100 prosent uføre. Det utgjorde 2,43 millionar kr.

Frp, SV og Sp var ikkje nøgde med desse ytingane. Det var heller ikkje Nordsjø-dykkarane, og dei heldt fram med arbeidet.

Men utpå hausten 2004 oppsto det splitting mellom dykkarane. Ein ny organisasjon, Offshoredykkerunionen, såg dagens lys.

Begge organisasjonane kjempar nå mot den same fienden: staten.

Offshoredykkerunionen samla i fjor ein del dokument i saka i eit kompendium som vart levert til 5-6 advokatfirma i Oslo med tanke på søksmål mot staten.

- Erstatningsansvar

— Eitt advokatfirma trekte seg avdi dei har hatt oppdrag for departementet. Men alle konkluderte med at vi har ei god sak.. Nå har vi valt advokat og saka går sin gang, seier Henning Haug til Bergens Tidende. Han er leiar i dykkerunionen.

Pensjonert byrettsdommar, Henrik Lunde, i Stavanger har gjennomgått eit vell av dokument i saka. På denne bakgrunnen konkluderer han slik:

— Staten var klar over faremomenta, dei etiske problerma og skadane som oppsto utan å gripe inn. Eg meiner staten har forsømd seg og at forsøminga er slik at det utløyser erstatningsansvar.