Før kyrkjevalet spådde minister Trond Giske at medlemstalet i kyrkja kunne bli redusert med inntil 100.000 etter oppryddingsaksjonen i medlemsregisteret. Kyrkja sjølv var meir forsiktig, og tippa 50.000 færre.

Begge bomma. Ved inngangen av oktober er medlemstalet redusert med kring 25.000 personar. Dette er berre 0,6 prosent færre enn i januar i år.

— Dette er mykje lågare enn vi frykta, seier Nils-Tore Andersen, leiar i Kyrkjerådet.

— Gjort det vi kunne

Mange vart rasande, då dei fekk valkortet i posten og oppdaga at dei stod oppførte i statskyrkja. Før kyrkjevalet melde 20.220 personar frå om dei var feilregistrerte. Snart ein månad seinare er det eksakte medlemstalet i Den norske Kyrkja 3.852.210 personar.

I desse dagar blir ytterlegare 3000-5000 personar sletta frå registeret. Samtidig har Kyrkja fått 3000 nye medlemmar den siste tida.

Andersen utelet ikkje at nokre framleis kan stå feiloppførte som medlemmar.

— Men vi har gjort det vi kunne i denne omgangen, seier han.

I samband med kyrkjevalet fekk alle medlemmar over 15 år valkort i posten. Vedlagt låg ein frankert konvolutt, som feilregistrerte personar kunne returnere. Dette tilbodet vart lansert som ein massiv ryddeaksjon i medlemsregisteret.

Trur ikkje jobben er gjort

Generalsekretær Kristin Mihle i Human-Etisk Forbund synest ikkje at ryddesjauen har vore grundig nok. Også humanetikarane hadde antyda at kyrkja kunne stå att med 100.000 færre medlemmar etter kyrkje-valet.

— Eg slår meg ikkje til ro med at jobben er gjort. Dagens medlemstal er ikkje nødvendigvis rett for kor mange som ønskjer å vere medlem, seier Mihle.

— Mange kasta valkortet rett i søpla før dei såg kva det var, og eg er ikkje sikker på at kyrkja har kommunisert tydeleg nok med medlemmane.

Mihle er skeptisk til framgangsmetoden kyrkja valde. Å sende ut valkort handlar først og fremst om å informere før eit val, seier ho, ikkje om å rydde i eit register.

— Seier du at medlemstalet framleis er feil?

— Det kan vere. Men det veit ikkje Kyrkja, og heller ikkje vi. Svaret er heilt avhengig av om folk reagerte, då dei fekk valkortet i posten. Vi veit at ein god del ikkje gjorde det, seier Mihle.

Medlemsboom

Human-Etisk Forbund kan elles notere seg ein medlemsboom den siste månaden. Organisasjonen har fått 1000 nye medlemmar, som er dobbelt så mange som vanleg på denne tida av året. Mihle trur at humanetikarane kan takke debatten rundt kyrkjevalet for at medlemstalet no er 75.730.

— Ikkje minst trur eg mange opplevde samanblandinga av kyrkjevalet og stortingsvalet som provoserande.

— Men det er godt at kyrkja til ein viss grad har fått rydda opp i registeret. No er det viktig at det blir etablert eit register som til ei kvar tid er korrekt

Eit datasystem, der alle prestekontor kan rapportere direkte til eit sentralt register, kjem truleg på nyåret.