Nordmenn ofrar gjerne ei nyre til ein nær slektning. Kring førti prosent av alle transplantasjonar er donasjonar frå eit familiemedlem, og Noreg er i verdseliten når det gjeld nyretransplantasjonar.

Dei norske køane er kortare enn i noko anna land. Seier ein slektning ja, kan ny nyre vere på plass alt i løpet av ein månad. Hvis ikkje, er ventetida i snitt eit år.

— Dette er unikt i internasjonal samanheng, seier seksjonsoverlege ved Haukeland Universitetssjukehus, Einar Svarstad, til BT.

Til samanlikning må nyrepasientar i USA og Europa ofte vente i årevis.

- Tette familieband

Kring 2000 nordmenn har levd berre med ei nyre dei siste åra, fordi dei har gitt bort den andre. Svarstad meiner at både lovverk, tradisjonar og stadige kampanjar kan forklare den norske gjevarinnsatsen.

— Vi fekk tidleg eit juridisk regelverk, som legg forholda godt til rette for gjevarane. I tillegg er Noreg eit lite land, og vi kan jo spekulere i om det er tettare familieband her. Til samanlikning er det nesten ingen familiedonorar i Finland.

— Kor stor helserisiko er det å gje frå seg ei nyre?

— Ein operasjon medfører alltid risiko. Men å leve med éi nyre er ikkje skadeleg, fordi den andre veks og «tek over». Vi har følgt opp donorane i ettertid, og det viser seg at desse har betre helse i snitt enn andre, seier Svarstad til BT.

Dyre pasientar

Det er likevel ingen grunn til å slå seg til ro med at donorane er mange og køane korte. Pasientane blir berre fleire og fleire som følge av «eldreboomen». Talet på pasientar med alvorleg nyresvikt veks med heile ti prosent kvart år.

— Dette er ei dessutan svært ressursskrevande pasientgruppe, seier Svarstad, og skisserer opp to dei to behandlingsmetodane:

  • Dialyse (kunstig nyrebehandling). Prislapp per pasient: 400.000-500.000 kroner kvart år
  • Ny nyre (transplantasjon). Prislapp: 250.000 kroner første året, deretter går kostnadene per pasient dramatisk ned.
  • Ny nyre er den beste og billegaste behandlinga, men ikkje alle er friske nok til eit slikt inngrep, seier Svarstad.

Mange hjartesjuke

Ei stor utfordring for helsevesenet i framtida er derfor å førebyggje at pasientar med lett nyresvikt ikkje utviklar alvorleg sjukdom. Ofte blir dei hjartesjuke

— Å ha alvorleg nyresvikt er som å sjå hjarte-kar-sjukdomar gjennom eit forstørringsglas, seier Svarstad.

Særleg pasientar med eggekvite i urinen, høgt blodtrykk, diabetes og lett svekt/svekte nyrefunksjon er i risikogruppa.

— Allmennlegane må bli meir oppmerksame på desse symptoma. For å førebygge alvorleg nyresvikt er god blodtrykksbehandling, kolesterolsenkande medisin og tett oppfølging viktig.


Fakta om alvorleg nyresvikt

  • Kvart år får knapt 300 pasientar nyretransplantasjon i Noreg. For Hordaland er talet om lag 20.
  • Kring 900 pasientar får dialysebehandling, mens kring 2300 pasientar har fått ny nyre.
  • Den første vellukka nyretransplantasjonen vart utført i Boston, USA, i 1954. Nyrer er i dag det organet som oftast blir transplantert ved norske sjukehus.
  • Alle nyretransplantasjonar i Noreg blir utført ved Rikshospitalet i Oslo.