Han er fortørna over at Justisdepartementet ikkje har sendt ut ei pressemelding med ei erklæring om verdien av forskingsarbeidet.

— Forliket om oppreising er greit nok. Men avtalen om at departementet skulle sende ut ei erklæring som anerkjenner arbeidet vårt er langt viktigare. Utan denne erklæringa hadde det ikkje blitt noko forlik, seier Nordhus til Bergens Tidende.

Bergens Tidende kunne i går fortelje at Nordhus og Edvard Vogt får til saman om lag to millionar kroner i oppreising frå staten. Det kjem av den urett dei har lide på grunn av arbeidet sitt med politivaldskomplekset i Bergen.

- Vist til erklæringa

Nordhus er oppøst over at han av Bergens Tidende i går forsto at departementet ikkje har tenkt å sende ut ei erklæring som han hevdar partane var samde om.

Advokaten hans, Tor Erling Staff, som har forhandla fram forliket på vegner av Nordhus, er krystallklar på at det er inngått ein klar avtale mellom partane om at departementet skal sende ut ei slik erklæring.

— I forliksavtalen er det direkte vist til erklæringa. Det veit begge partar godt. Eg føreset no at Justisdepartementet oppfyller sin del av avtalen, seier Staff.

Tysdag opplyste avdelingsdirektør Magnar Aukrust i Justisdepartementet til Bergens Tidende at det ikkje er laga noka erklæring ved sida av forliksavtalen.

Bergens Tidende får nå opplyst at erklæringa som Nordhus og Staff viser til, er hefta saman med sjølve forliksavtalen, og at erklæringa er meint for offentleggjering.

Stadfestar

Statssekretær Jørn Holme i Justisdepartementet stadfestar overfor Bergens Tidende at det har vore ein føresetnad at departementet skulle sende ut ei pressemelding med opplysningar om forliket.

— Det er heilt klart. Den skal seie noko om verdien av arbeidet forskarane har gjort, seier Holme. - Eg må straks undersøke nærare kva som har skjedd, seier Holme.

Ekspedisjonssjef Øystein Blymke i Politiavdelinga i Justisdepartementet, stadfester nå overfor Bergens Tidende at det er utarbeidd ei slik erklæring som Nordhus og Staff opplyser om. Han stadfester også at erklæringa er hefta saman med sjølve forliksavtalen.

Han opplyser at departementet nå vil vurdere om ein likevel skal sende ut ei pressemelding om saka og fortelje om innhaldet i erklæringa.

Han seier han har forståing for Nordhus sin iver etter å få erklæringa offentleggjort.