Forliket er oppreising for den urett dei har lide for arbeidet sitt med å avdekke politivald i Bergen.

Partane har gjort avtale om at detaljar frå forliket ikkje skal offentleggjerast. Det gjeld både forliksbeløp og omtale av forhandlingane.

Men etter det Bergens Tidende har grunn til å tru, kjem den samla utbetalinga opp i nær to millionar kroner, inkludert sakskostnadar. Fordelinga skal vere ein millon i oppreising til Gunnar Nordhus og 800.000 kroner til Edvard Vogt.

I tillegg kjem sakskostnadar.

— Glade

— Eg kan ikkje seie noko om innhaldet i forliket, men både Gunnar og eg er glade for at vi nå endeleg ein gong kan bli ferdige med denne saka og kan sette punktum, seier Edvard Vogt til Bergens Tidende.

— Det er ingen tvil om at forliket inneber ei klar anerkjenning frå Justisdepartementet og staten for det arbeidet Vogt og Nordhus har gjort når det gjeld å avdekke kritikkverdige forhold i politiet, seier advokat Tor Erling Staff til Bergens Tidende. Han har representert Nordhus i saka.

Også Staff avslår å opplyse om innhaldet i forliket. Men han seier at partane er blitt samde om at Justisdepartementet skal orientere om forliket gjennom ei presemelding.

Krav på 11 millionar

Krava vart fremja i januar i fjor. Nordhus kravde då til saman vel 5,8 millionar. Vogt fremja først krav utan å talfeste kravet. Det skjedde først noko seinare. Samla krav frå dei to kom opp i om lag 11 millionar kroner. Ein vesentleg del av beløpet galdt rente.

Krava vart først avvist av staten. Staten påsto også at krava i alle fall var forelda.

Nordhus og Vogt gjorde gjeldande at foreldingsfristen først kunne løpe frå det tidspunktet Høgsterett avgjorde at bumerangsakene frå Bergen skulle prøvast for retten på ny. Det skjedde i 1998.

Forlik

Vogt framsette så eit forslag om forlik, samstundes som han reduserte kravet. Etter det Bergens Tidende nå kjenner til, har partane forhandla om forlik i 15 månadar før ein vart samde.

Det har etter det Bergens Tidende får vite, vore ei rad møte der så vel partane, advokatar og embetsmenn frå Justisdepartementet har vore med.

Forliksavtalen nå er sjølvsagt også godkjend av justisminister Odd Einar Dørum.

Grunnlaget for krava var påstand om at Vogt og Nordhus vart utsett for grunnlaus forfylging og trakassering frå politiet i Bergen i åra 1975-1990. Det gjeld også urettmessig straffeforfylging av Gunnar Nordhus. Mellom anna køyrde politi med blålys stadig opp til og rundt boligen til foreldra til Gunnar Nordhus der også han sjølv budde.

Desse forholda vart dokumentert gjennom rettskraftige dommar frå domstolar i Bergen og Oslo.

På toppen av dette kom ublid behandling i fleire aviser.

Starten

Politivaldskomplekset i Bergen går tilbake til midten av 1970-talet då Vogt og Nordhus starta eit omfattande valdsforskingsprosjekt. Siktemålet var å kartlegge valdsbruk i samfunnet. Etter kvart fann dei ut at ein måtte ha ein eigen kategori for vald utøvd av politiet.

Politivald fanga det meste av merksemda då dei i 1981 utgav dei samla rapportane og samstundes gav ut boka «Volden og dens ofre».

Det resulterte i ein storm av protestar frå politiet. Samstundes søkte Vogt og Nordhus om pengar frå Justisdepartementet for å få dekt ein del av utgiftene dei hadde hatt til det store prosjektet. Det endte i neste omgang med at justisminister Mona Røkke engasjerte professor Anders Bratholm og advokat Hans Stenberg-Nilsen for å vurdere om det var hald i påstandane om politivald.

Forsking vart etterforsking

Dei konkluderte med at materialet var haldbart. Konklusjonen resulterte i nye skyllebøtter av reaksjonar frå politiforbundet og frå politimeisteren i Bergen.

For å undersøke forholda nærare, innleidde Bratholm eit nærare samarbeid med Vogt og Nordhus. Dei samla ytterlegare materiale som skulle dokumentere fleire tilfelle av politivald.

Då dette materialet var klart i 1986, gav professor Bratholm ein rapport til riksadvokat Georg Fredrik Rieber-Mohn. Han avgjorde at det skulle iverksetjast etterforsking i Bergen.

Etterforskinga endte i ingenting. Den ansvarlege statsadvokaten, Erling Lyngtveit, fann då ut at påtalemakta skulle gje seg på informantane til forskarane, dei som hadde fortalt om politivald.

«Bumerangsakene»

Slik oppsto «bumerangsakene». I alt vart 14 informantar tiltala for å ha gjeve «falsk forklaring». 13 av dei vart dømde til til dels lange fengselsstraffer.

Både forskarane og mange utanforståande fann dette resultatet horribelt og arbeidde gjennom fleire år for å få sakene opp att. Det var dette arbeidet som munna ut i at Høgsterett i 1998 bestemte at sakene skulle takast opp att.

Seinare på året kom sakene på ny opp for Gulating lagmannsrett der statsadvokaten la ned påstand om frifinning. Fleire av dei nå frifunne fekk til dels betydelege erstatningar.