NorDiag-testen får strykkarakter i eit brev Sosial— og Helsedirektoratet sendte til Helse- og omsorgsdepartement 8. mars i år.

I brevet skriv direktoratet at: «Bruken av testen finnes ikke berettiget, og den antas å generere flere problem enn den løser».

NorDiag voner å gjere testen til ein internasjonal bestseljar, som ein enkelt metode for tidleg å oppdage tjukktarmskreft.

Men no vil norske styresmakter ikkje lenger betale for bruk av testen.

Tommelen ned

Ei arbeidsgruppe i Norsk Gastroenterologisk forening - ekspertar på tjukktarmskreft - har vurdert NorDiags testmetode.

Ekspertane etterlyser dokumentasjon for at testen verkar og vender tommelen ned. Det er denne vurderinga Sosial- og Helsedirektorat byggjer si vurdering på.

Sosial- og Helsedirektoratet sende si vurdering vidare til Arbeids- og Velferdsdirektoratet (NAV), som i eit brev datert 6. juli i år varsla NorDiag om at staten frå 1. september ikkje lenger vil dekkje kostnadene ved bruk av testen.

Tabbe utsette varsling

Ein tabbe gjorde at NorDiag først måndag, over tre veker etter at NAV daterte sitt brev, varsla marknaden gjennom ei børsmelding.

Administrerande direktør Mårten Wigstøl i NorDiag vedgår tabben og lovar å skjerpe rutinen for sortering av innkomande post.

— Dessverre har dette blitt lagt i posthylla til vår finansdirektør og ikkje opna før ho kom tilbake frå ferie på måndag, seier han.

Vil ha dialog

Wigstøl seier selskapet vil ha ein roleg og konstruktiv dialog med styresmaktene for å avklare uklare spørsmål om testen og nye versjonar av den.

Han viser også til det foregår ein omfattande studie av testen i samarbeid med universitetet i Leipzig-Halle, og at resultatet av denne studien kan liggje på bordet innan ein månad.

NorDiag sende i går også ut ei ny børsmelding, der selskapet varsla at ein positiv artikkel om bruk av testmetoden skal publiserast i det medisinske tidsskriftet «European Journal of Gastroentology & Heptaology».

Måndag fall aksjekursen i NorDiag med over to prosent. Fallet heldt fram i går, til 8,20 kroner per aksje.

MOTGANG: Norske styresmakter vil ikkje lenger dekkje kostnadene ved bruk at krefttesten NorDiag har utvikla. Testmetoden var grunnlaget for at selskapet vart børsnotert i desember 2005. Administrerande direktør Mårten Wigstøl lengst til høgre.
Bergens Tidende