VIDAR YSTAD

Partileiar Dagfinn Høybråten møter ingen entusiasme som toppkandidat korkje i Møre og Romsdal eller i Østfold. Det hjelper ikkje at sentralstyret i partiet, som han sjølv leier, har bede dei to fylka vurdere å skaffe han plass.

Fleire har oppmoda Valgerd Svarstad Haugland om å trekkje seg for å gje plass for Høybråten. Presset mot Valgerd er sterkt, men hittil har ho avvist ei slik løysing.

Over partidemokratiet

Sjølv har Høybråten avvist å stille opp mot Valgerd. Han vil ikkje vere kandidat frå Akershus, sjølv om det er alminneleg kjent at det er det eit markant fleirtal av lokallaga ynskjer.

På denne måten har både Valgerd Svarstad Haugland og Dagfinn Høybråten på ein måte stilt seg over partidemokratiet i sitt eige fylkeslag. Dei nektar partilaget å velje den kandidaten partiet helst vil ha: Valgerd ved å klamre seg til taburetten, Høybråten ved ikkje å ville stå til disposisjon for partiet for å unngå å presse ut Valgerd. Ved nominasjonen i 1993 vann Valgerd kampvoteringa mot Høybråten ved loddtrekning.

Pådytta problem

I staden er det andre fylkeslag som blir pådytta eit problem: å skaffe den sitjande partileiaren stortingsplass. I det høvet gjer det tydelegvis mindre for Høybråten at det går ut over andre kandidatar — i Møre og Romsdal eller i Østfold.

I Møre og Romsdal gjeld det May Helen Molvær Grimstad, og i Østfold Høybråten sin eigen politiske rådgjevar, Line Henriette Holten Hjemdal.

Den siste har sett seg nøydd til å skrive brev til nominasjonsnemnda i heimfylket. Her gjer ho det klart at ho ikkje vil utfordre Høybråten på førsteplass, men at ho står til disposisjon dersom partiet ynskjer ein lokalt forankra kandidat.

Ventar klart utslag

— Møre og Romsdal ligg rimeleg langt frå Nesodden der Høybråten bur. Det er noko heilt anna å hoppe over fylkesgrensa i Oslo/Akershus eller i Østfold for den saks skuld, seier Olav Solheim til Bergens Tidende. Han leier nominasjonskomiteen i Møre og Romsdal.

Solheim vil ikkje opplyse noko om resultata frå 2. runde i nominasjonsprosessen. Lokallaga har frist til måndag 6. september med å melde inn resultat.

— Men basert på utsegner frå lokallagsleiarar til media, vil eg bli veldig overraska om det ikkje blir eit klart utslag den eine eller andre vegen. Og det er ikkje i favør av Høybråten, seier han.

Solheim stadfester at «det kan vere dei som tenkjer i dei banar, det forstår eg» når vi spør om ideen om å nominere Høybråten frå Oslo, er diskutert.

Han refererer også synspunkt som har vore framme lokalt som eit argument mot Høybråten: Ved mandatjusteringa som nå er vedteken, har Møre og Romsdal mist eitt mandat, medan Akershus har fått eitt mandat. Somme meiner det vil vere heilt urimeleg om vi skulle gje frå oss endå eit mandat til Akershus ved å nominere Høybråten.

Solheim presiserer at dette ikkje er hans standpunkt.

— Om vi tenkjer oss at Høybråten skulle bli nominert og valt frå Møre og Romsdal, kan ein sjå det slik at det då vil kvile eit endå større ansvar på han til å fremje Møre og Romsdal sine interesser, enn frå ein lokal representant, seier Solheim.

- Veldig øydeleggjande

Både KrF-tillitsvalde og andre observatørar har karakterisert den forestillinga som nå pågår som uverdig:

— Det er veldig øydeleggjande for mandatsjansane at denne situasjonen vedvarer. Det bør nå bli ei rask avklaring. Sjølv meiner eg at Høybråten er den beste kandidaten vi kan få frå Akershus. Det har eg meint sidan eg fremja kandidaturet hans på nominasjonsmøtet i 1993, seier partiveteranen Kåre Kristiansen til Bergens Tidende.

Akershus har utsett fristen for lokallaga til 1. oktober med å kome med endeleg framlegg. I første runde hadde Høybråten fleirtalet av lokallaga i ryggen trass i at han sa han ikkje var kandidat.

Høybråten frå Oslo?

Å plassere Høybråten på førsteplass i Oslo, ville gå ut over den sitjande representanten Lars Rise, men det ville løyst problem for fleire fylkeslag.

— Eit slikt framlegg har ikkje vore drøfta i nominasjonsnemnda, seier leiaren, Robert Wright, til Bergens Tidende.

— Kåre Kristiansen var valt frå Oslo sjølv om han budde på Nesodden?

— Det er rett. Vår nåverande representant bur nå i Buskerud. Dessutan er Dagfinn Høybråten oppvaksen i Oslo. Men dette er ikkje noko tema.

— Utelukkar du at det kan bli aktuelt?

— Eg utelukkar ingen ting, seier Wright.