Finansminister og SV-leiar Kristin Halvorsen er derimot strålande nøgd med det opplegget til kvotesystem for å redusere klimagassutslepp regjeringa nå legg fram.

— Med handa på hjartet kan eg seie at dette vil bli eit veldig bra system. Noreg vil bli eit føregangsland for å redusere klimagassutsleppa, hevdar Halvorsen.

Regjeringa vil kombinere kutt i utslepp heime med kjøp av utsleppskvotar i utlandet. Kor store utsleppskutt ein har som mål eller ventar her heime vil korkje Halvorsen eller miljøvernminister Helen Bjørnøy (SV) seie noko om.

Nøgde

— Tiltaka er godt i samsvar med dei framlegga vi har lansert, seier Bellona-leiar, Fredric Hauge, til Bergens Tidende.

Administrerande direktør, Stein Lier-Hansen, i Norsk Industri fylgjer opp. Til BT seier han:

— Dette er betre enn vi frykta. Dei har i det store og heile lagt seg på EU si line. Vi har fått det om lag slik vi ville og har bede om. Men det blir tøft for visse delar av industrien. Vi kunne også ynskt oss at det var sett av ein liten pott til ny industri. Opplegget nå fører til at ein frys fast den industristrukturen vi har i Noreg.

Lier-Hansen var statssekretær for Ap i Miljøverndepartementet under Stoltenberg I-regjeringa.

- Slepp for billig

— Dette er eit for lite ambisiøst opplegg for å redusere klimagassutsleppa i Noreg. Industrien slepp for billig unna. Det er tydeleg at dei sterkaste og tyngste lobbyistane har fått gjennomslag i regjeringa, seier Gunnar Kvassheim (V) til Bergens Tidende. Han leier energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

— Med den utfordringa vi står overfor burde utgangspunktet vere at ingen skal sleppe billigare unna enn dei gjer i dag. Men slik blir det ikkje med regjeringa sitt opplegg. Rekninga går til andre sektorar og til folk flest.

Nokon bransjar burde dessutan få tøffare belastning enn dei har i dag. Det er det mange som har råd til med dei enorme overskotta mange verksemder har i dag, seier Kvassheim.

- EU-paradoks

Leiaren i Noregs Naturvernforbund, Lars Haltbrekken, seier til Bergens Tidende at det er svært usikkert kor store utsleppsreduksjonar ein vil få i Noreg som fylgje av opplegget til regjeringa.

— Det blir heilt avgjerande korleis regelverket og prisar på kvotar blir utvikla i EU. Det er eit paradoks at dei to Nei til EU-partia i regjeringa let EU få ein så avgjerande innverknad på norsk politikk, seier Haltbrekken.

— Framlegget er altfor lite ambisiøst i forhold til utfordringane om å løyse klimaproblema. Det er ikkje nok å innfri Kyoto-protokollen. Ei løysing krev at industrilanda kuttar utsleppa med minimum 30 prosent innan 2020, seier han.

Haltbrekken meiner det er bra at oljeindustrien ikkje får rabatt og at dei framleis skal betale avgift for utslepp. Det er også bra at ein baserer seg på historiske utslepp når ein skal fastsette kvotar. Det inneber at ein ikkje kan manipulere tala og heller ikkje, som i ein del EU-land, basere seg på prognosar som kan gje selskapa urettmessige vinstar ved fastsetting av kvotar.

Halvorsen slår fast at alle utslepp får ein pris i det nye systemet og at det difor vil løne seg for alle som blir omfatta av ordninga, å kutte utsleppa.