«Den Norske Nobelkomite har bestemt at Nobels fredspris for 2008 skal tildelast Martti Ahtisaari for den store innsatsen han har lagt ned på fleire kontinent og gjennom meir enn tre tiår for å løyse internasjonale konflikter. Denne innsatsen har verket til ei fredelegare verd og til «brorskap mellom nasjonene» i Alfred Nobels ånd.

Ahtisaari har hele sitt voksne liv som finsk embetsmann og president og som internasjonal tjenestemann, ofte knytt til FN, arbeidd for fred og forsoning.

Dei siste 20 åra har han stått sentralt i forsøkene på å løyse fleire langvarige og alvorlige konflikter. I 1989-90 spela han ei viktig rolle då Namibia fekk sjølvstende; i 2005 sto han og organisasjonen hans Crisis Management Initiative (CMI) sentralt i løysinga av det kompliserte Aceh-spørsmålet i Indonesia. I 1999 og med framhald i 2005-07 arbeide han under særs krevjande vilkår for å finne ei løysing på konflikten i Kosovo.

I 2008 har Ahtisaari gjennom CMI og i samarbeid med andre institusjoner prøvd å finne vegar til ein fredelig utgang på problemene i Irak. Han har også ytt konstruktive bidrag til løysing av konflikter i Nord-Irland, Sentral-Asia og på Afrikas Horn.

Partene har selve det viktigste ansvaret for å unngå krig og konflikt, men Den Norske Nobelkomite har fleire gonger gitt Nobels fredspris til meklarar i internasjonal politikk. Ahtisaari er i dag ein framstående internasjonal meklar. Han har gjort ein iherdig innsats, oppnådd gode resultat og vist kva for rolle mekling av ulike slag kan spele for løysinga av internasjonale konflikter.

Den Norske Nobelkomite vonar at også andre let seg inspirere av innsatsen og av resultatene hans.»

FRAMSTÅENDE: - Ahtisaari er i dag ein framstående internasjonal meklar, sa komiteleder Ole D. Mjøs.
SCANPIX