Utfallet av denne kampen får vi kanskje alt neste vår, når Stortinget skal vedta Nasjonal Transportplan (NTP) 2010-2019.

— Våren 2009 bør Stortinget avgjera kva ambisjon vi skal ha for lyntog her i landet, seier Jernbaneverket i ei oppsummering som er lagt fram i samband med Nasjonal Transportplan.

— Deretter må det avgjerast om dei første lyntogskinnene frå Oslo skal leggjast mot Bergen, Stavanger, Trondheim eller Göteborg. Vert det vedtak om bygging, bør ein hovudstrekning planleggjast, byggjast ferdig og setjast i drift slik at det kan haustast erfaringar før ein eventuelt går i gang med neste strekning.

— Å vidareføra utgreiingsarbeid for alle linene samstundes. er lite meiningsfylt, meiner Jernbaneverket.

Saman med NTP

Høgfartstog er ikkje med i framlegget til Nasjonal Transportplan. Jernbaneverket er likevel innstilt på å arbeida fram grunnlagsmateriale for handsaming i Stortinget saman med NTP våren 2009.

Ein samla transportkomité frårekna Frp, gjekk før jul dessutan inn for at Stortinget må før seg forelagt utgreiingsmateriale som kan vera grunnlag for vedtak om vidare framdrift av lyntogsaka.

Både Arbeidarpartiets Irene Johansen og Høgres Øyvind Halleraker har gått langt i retning av å lova vedtak våren 2009 om vidare arbeid med norske høgfartstog.

Kritisk

Jernbaneverket har ei rekkje kritiske merknader til dei utgreiingane som er lagt fram av innleigde tyske ekspertar (VWI-gruppa), Norsk Bane AS (Haukelibanen) og Høgfartsringen AS.

Linene mellom Bergen og Stavanger (via Røldal eller Stord) er vurdert som dei mest usikre, og kjem bak alle som har eitt endepunkt i Oslo.

For Bergensbanen må vinterdrift på høgfjellet utgreiast betre. Høgfartsringen satsar no på dobbeltspor i tunnel på praktisk talt heile strekninga Voss-Ustaoset, men Jernbaneverket peikar på at Geilo-Voss blir ein svært lang unnabakke. Det vil røyna på bremsene sjølv om det ikkje er så bratt som over Finse.

Kombinasjonen med gods- og lokaltrafikk på noverande bane, og fjerntrafikk av passasjerar på ein ny, vert det sett positivt på. Det gjeld også Høgfartsringen sitt opplegg, sjølv om det der kjem både passasjer- og godstog på den dobbeltspora delstrekninga Voss-Geilo.

Blanding av tog av alle kategoriar vert vurdert som negativt i konseptet for Haukelibanen, i tillegg til den vanskelege kryssinga av Hardangerfjorden.

Kostnadskrangelen

Dei høge kostnadene som VWI opererer med, samanlikna med dei to konkurrentane og erfaringstal frå Botniabanan i Sverige, blir i liten grad kommentert i rapporten. Jernbaneverket meiner at VWI-kostnadene er fornuftige på dette planstadiet. Også kostnader med inngrep i natur og eigedom må utgreiast nærare i ein seinare fase, meiner Jernbaneverket.

Alle tre utgreiingane ser ut til sjå likt på potensialet for trafikk mellom endepunkta, men Jernbaneverket er redd Høgfartsringen og Norsk Bane kan ha overvurdert potensialet for overgang frå privatbilisme til lyntog, og trur ikkje at lyntog fører til vesentlege reduksjonar i utslepp av klimagassar.