Med berre ei røyst i overvekt gav Fjell kommunestyre i går kveld Kystverket lov til å starta utsprenging av Vatlestraumen. Utvidinga av den sterkt trafikkerte skipsleia med den lumske Revskolt-grunnen har vore utsett grunna frykt for skader på den undersjøiske Bjorøytunnelen.

Etter ein lang debatt om uhellrisiko og økonomisk ansvar, gav kommunestyret med 23 mot 22 røyster til sist rammeløyve for det rundt 90 millionar kroner dyre prosjektet. Ordførar Eli Årdal Berland (H) røysta for, men tre Høgre-representantar og ein frå Frp braut ut av fleirtalskoalisjonen og ønskte vidare utgreiing av prosjektet. Bjorøytunnelen er fastlandsamband for 850 menneske på Bjorøy (Fjell) og Tyssøy (Sund kommune), og ligg berre 65 meter frå nærmaste utsprengingspunkt.

Halvt år på etterskot

Kystverket er eit halvt år på etterskot med utsprenginga av 65.000 kubikkmeter fjellmasse ved Revskolten lykt i Vatlestraumens vestre løp. Tiltaket gjer grunnflaket 14 meter djupt, mot ni i dag. Det var her MS «Rocknes» grunnstøytte og kantra 19.januar 2004. Ulukka kosta18 menneske livet.

Prosjektleiar Tone Sivertsen i Kystverket har tidlegare opplyst til BT at arbeidet startar i mars, straks rammeløyvet frå Fjell kommune er klart. Det er gjort avtale med den finske undervassentreprenøren Wasa Dredging Oy Ltd. Arbeidet vil ta om lag eit halvt år. Dei utsprengte massane skal fraktast til Kleppestø på Askøy for å bli nytt tomteareal.

Kystverket har sagt at statsetaten vil ta alle ekstrakostnader dersom arbeidet gjer så stor skade på Bjorøytunnelen at han må stengjast langvarig. I torsdagens kommunestyrevedtak heiter det at Kystverket skriftleg må dokumentera at etaten tek alle kostnader knytt til ein krise— og beredskapsplan i tilfelle langvarig stenging av tunnelen. Kommunen krev óg planen på bordet før arbeidet kan ta til.

Ville ha nye rapportar

I motsetnad til i kommunestyret, var det i Fjell kommune sin komité for plan og utvikling 7.februar fleirtal for å venta med å gi Kystverket rammeløyve inntil risikoen ved tiltaket var utgreidd med ytterlegare to uavhengige geologirapportar. Kystverket har tidlegare vurdert risikoen for skader på Bjorøytunnelen som minimal, med tilvising til rapportar frå Multiconsult og Norges Geologiske Institutt, og lovar å overvaka tunnelen nøye for kvar salve som blir avfyrt.

— Vi er óg innforstått med at risikoen for skade på tunnelen er minimal. Men om noko skulle gå gale, kan konsekvensane bli veldig store, har Ole Bjørn Sandahl, leiar i Bjorøy og Tyssøy velforening uttalt til BT.

Ikkje brukande

Den gamle ferjekaien i Bjorøyhamn er ikkje lenger brukande til normal ferjetrafikk etter at sambandet til Alvøen blei nedlagt då Bjorøytunnelen stod ferdig i ferdig i 1996. Vegvesenet reknar med at det vil kosta to millionar kroner å få ferjekaien i operativ stand att, og tilsvarande for gjenoppretting av kaien i Alvøen. Ole Bjørn Sandahl peikar på at biltrafikken til og frå Bjorøy i dag er langt større enn då ferja gjekk, han meiner at vegen ned til Bjorøyhamn ikkje er dimensjonert for dagens trafikk.

Fleire etatar er engasjert for å sjå på alternative transportløysingar dersom Bjorøytunnelen må stengjast. Til transport av personbilar, laste- og utrykkingskøyretøy har Vegvesenet trekt fram ro-ro lasteskip og militære landgangsfartøy som ei alternativ løysing. Om bord- og ilandkøyring er då tenkt skal gå føre seg på lange fallemmar plassert på kaipirar. Tilpassing av eksisterande kaiar vil kosta opp mot 300.000 kroner pr. kai, og kan utførast på to dagar. Å få dei gamle ferjebåsane i operativ stand att vil ta to veker.