42 prosent av folkesetnaden meiner det er stor sannsynlegheit for naturkatastrofar her i landet. 39 prosent trur det er sannsynleg.

Det viser ei ny undersøking frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Frå 2006 til 2007 auka talet på personar som er heilt sikre på at klimaet er i ferd med å endre seg, frå 47 til 60 prosent. Tek ein med dei som er delvis einige, meiner heile 90 prosent at klimaet no er i endring.

Eit overveldande fleirtal gjev uttrykk for at klimaendringane vil få negative følgjer for samfunnet.

— Sunn bekymring

Meir nedbør, periodar med ekstremvêr, og mildare vintrar er måtar folk flest meiner dei vil merke klimaendringane på.

Fleirtalet trur dei vil merke effekten av klimaendringane på sitt lokalmiljø, og to tredjedelar av folkesetnaden er uroa for konsekvensane dette kan få for ein sjølv og eins eigen familie.

— Det er berre sunt at ein bekymrar seg for klimaendringar. Bekymring har tyding for åtferdsval og må difor tolkast utelukkande positivt, seier professor Torbjørn Rundmo ved NTNU. Han har forska på risiko forbunde med trugslar mot helse og miljø.

— Viss ein ser at konsekvensane av ei hending er dramatiske, så blir ein bekymra. Klima er noko som ligg utanfor vår personlege kontroll, og difor kjem bekymringa lettare, seier Rundmo.

Står utan planar

Bekymringane til trass; fleirtalet av oss står utan planar for korleis vi skal møte konsekvensane av klimaendringane.

Ei undersøking om klimatilpassing frå DSB viser at berre 13 prosent har konkrete planar om å sikre eigedomen sin mot moglege konsekvensar av klimaendringane.

— Bekymring er viktig for å endre åtferd, men det er ikkje nok. Vanar er vel så viktig, forklarar Rundmo.

Det er kommunen sitt ansvar, ikkje huseigarane, å sørgje for at det ikkje blir bygd hus i fareområde. Slik forklarar forskar Kyrre Groven ved Vestlandsforsking at så få planlegg å gjere noko med eigedomen sin. Men ein har også innverknad sjølv, mellom anna gjennom val av hustype.

— Når ein avgjer kor ein vil bu, avgjer ein i stor grad kor utsett ein blir for naturskadar. Mange ønskjer å bu på attraktive tomter, nær sjø og vassdrag med fin utsikt. Då er huset meir utsett for flaum og kraftig vind. Dette er det mange som ikkje tenkjer nok over, seier Groven.

Fukt største trugselen

— Mange prioriterer komfort og fine flisar framfor kva som gjer huset trygt å bu i. Det er viktig å tilpasse huset til det lokale klimaet, seier forskaren.

Det er ikkje berre dramatiske naturkatastrofar norske huseigarar bør bekymre seg for. Det største skadeomfanget er knytt til dei gradvise skadane som blir forsterka på grunn av klimaendringar. Fukt er den viktigaste årsaka til byggskadar i dag, og problemet vil bli større i framtida.

— På Vestlandet vil vi få meir slagregn, det vil seie at det regnar og bles samtidig, slik at nedbøren driv inn på fasaden. Er vinden sterk nok kan vatnet bli pressa inn under ytterkledningen, seier Groven.

Frykar du klimaendringane? Diskutér saka her!

UNDER VANN: Namnet Canal street i New Orleans fekk ei helt ny meining då orkanen «Katrina» slo inn over Louisiana i 2005. Ei ny undersøking viser at 42 prosent av folkesetnaden i Norge meiner det er stor sannsynlegheit for naturkatastrofar også her i landet. ARKIVFOTO: AP
GARY CORONADO