ARNE HOFSETH

På eit kontor i brakkeriggen til språkteknologisenteret på Tvildemoen legg Trond Herfindal ut gymnaspensum på internett, men slett ikkje heile pensum.

— Store tekstmengder høyrer heime i bøker, ikkje på skjerm. Skal du lesa ein roman i norskfaget, er det lettare å lesa i boka, forklarer han. Det er læraren og det tradisjonelle klasserommet ein prøver å erstatta med dataskjermen.

— Vi satsar på på eit stort innslag av multimediaeffekter som animasjonar og tale, seier Herfindal.

Tilbodet har utspring i Norsk Privatskole i Tromsø. Læring over internett har særleg stor aktualitet i grisgrendte strok med store avstandar til vidaregåande skular. Men fordelen med å kunne ta undervisningstimane akkurat når det passar deg, appellerer også til mange andre. Med internett spelar avstandane inga rolle, heller ikkje avstandane mellom rektor i Tromsø, marknadsansvarleg i Trondheim og dataprogrammeraren på Voss.

Dei første elevane logga seg på i august, men sidan ein ikkje er bunden av timeplan, kan ein ta til kva tid som helst. Får du ikkje med deg kunnskapen, kan «timen» spelast av att så mange gonger du vil. Når du er klar for eksamen, må du melda deg ved ein vanleg vidaregåande skule.

Nettgymnas.no er ikkje åleine i bransjen. Største aktørane er dei tradisjonsrike brevskulane NKS og NKI, som i stadig større grad tek i bruk databasert undervisning, og privatgymnaset Sonans.

Trond Herfindal er vossing og har flytta heim att etter nokre undervisningsår i Tromsø.

Nettgymnaset er berre leigetakar hjå SAIL Port Northen Europe (SPNE) på Tvildemoen. Dette er ein statsstøtta «inkubator» som hjelper nye verksemder med å koma i gang, helst med verksemd basert på SAIL-teknologi (speech, artificial intelligence, language).

— Det viser seg at utveksling av røynsler med dei andre som jobbar i det tette datamiljøet i brakkeriggen, er svært fruktbar. Har nokon eit problem, er det minst ein av dei andre som kan lansera eit framlegg til løysing, seier Herfindal, som nå syter for at tre generasjonar av slekta held til på Tvildemoen. Han sjølv i SPNE-brakkene, faren som sjef på Vestnorsk Kulturakademi, og sonen i «Sailporten» sin barnehage.