Ingenting var avklart i går, men det står fast at stortingskomiteen skal avgje innstilling i morgon.

Den politiske avklaringa som både Ap og SV krev for i det heile å diskutere ein avtale om utflytting, har ikkje kome. Men i forhandlarmiljøet trur ein at regjeringspartia vil strekkje seg til å gje det Ap og SV krev, for å få til ei utflytting i det heile. Sjølv om det vil bety eit politisk nederlag for statsråd Victor D. Norman og regjeringa, tyder mykje på at ein vel ei slik løysing. Alternativet vil vere endå meir audmjukande.

Bergens Tidende er kjent med at det både i Ap og i SV er strid mellom dei som ynskjer å flytte ut alle tilsyna, og dei som har sterke motførestellingar mot heile flytteprosjektet. Andre kan gå med på å flytte ut nokre av tilsyna, men ikkje alle.

Flyttesaka engasjerer sterkt også i KrF. BT er kjent med at Oslo-representantar som tok saka opp på landsmøtet i partiet sist helg, vart utsett for uvanleg sterk fysisk pågang, etter å ha hevda at flyttesaka var familiepolitisk dårleg for eit parti som KrF.

Det ser nå ut til at Konkurransetilsynet og Direktoratet for Arbeidstilsynet kan bli verande att i Oslo, dersom det blir ein avtale mellom regjeringspartia og Ap og SV.

Tunge miljø i fagrørsla har kome med sterke innvendingar mot å flytte Arbeidstilsynet vekk frå Oslo der alle dei store faglege samanslutningane held til. Det er også betydeleg skepsis mot å flytte Konkurransetilsynet til Bergen.

Dette er ei løysing som vil vere tung å svelgje både for Ap sin forhandlingsleiar, Trond Giske, og for SV-nestleiar, Øystein Djupedal.

Gode kjelder hevdar at Trond Giske heller vil sende meldinga tilbake til statsråd Norman, enn å akseptere at heimbyen Trondheim «går glipp» av Arbeidstilsynet.

Regjeringspartia har lite å hente ved å freiste å kjøpslå med Frp. Det partiet er negativ til heile flytteprosjektet.