Ifylgje Bergens Tidende sine kjelder er løpet mellom dei to kandidatane Bård Vegar Solhjell og Ingrid Fiskaa langt jamnare enn mange inntil nyleg har trudd.

På gummisolar

Den spente stemninga knytt til personvalet gjer seg utslag i at dei fleste landsmøtedelegatane «går på gummisolar» i debattane. Dei legg band på seg for å unngå å provosere og støyte frå seg potensielle røyster for eigen kandidat.

Uoffisielle oppteljingar tydde i går kveld på at landsmøtet er delt nesten på midten. Det var kanskje ein overvekt på 10-15 røyster for Solhjell. Fleire utsendingar skal ha svingt frå Solhjell til Fiskaa i løpet av dagen. Valet skjer i morgon middag.

Overvekta er så liten at Kristin Halvorsen og dei som ivrar sterkast for Solhjell sitt kandidatur, må vurdere om dei er tente med å stå fast på Solhjell. Å få Solhjell valt med knapp margin, i eit splitta parti, kan framstå som mindre bra. Det kan også svekke autoriteten til Kristin Halvorsen som partileiar. Nå handlar det om nervar og å halde hovudet kaldt. Alternativet vil vere å akseptere ein kompromisskandidat.

Korkje Solhjell eller Fiskaa vil uttale seg om situasjonen.

Kan droppe Fiskaa

Mange av dei som støttar Fiskaa sitt kandidatur, seier rett ut at dei heile vegen har vore innstilt på å finne ein kompromisskandidat, men at dette er avvist av Solhjell sine støttespelarar.

Leiaren i Sosialistisk Ungdom, Kirsti Bergstø, seier det slik til BT:

– Det er framleis mogeleg å kome fram til ein kompromisskandidat. Vi som støttar Ingrid Fiskaa har gjort fleire forsøk på å få det til både før og etter at den delte innstillinga frå den førebuande valkomiteen låg føre. Det er bråkmakarane som støttar Bård Vegar som tek denne striden til landsmøtet, noko ein kunne ha unngått ved å gå inn for ein annan kandidat. Dei har nekta å gå med på å finne ein kompromisskandidat sjølv om vi då gjev opp innstillinga på Ingrid Fiskaa.

Kompromisskandidat

– Kven kunne vere ein slik kompromisskandidat?

– Ivar Johansen frå Oslo er eit godt namn.

– Stortingsrepresentant Inga Marte Torkildsen har også vore nemnt?

– Det har eg ingen synspunkt på.

– Vi ynskjer mest mogeleg samling om ein kandidat. Det viktigaste nå er å få valt ein nestleiar som har breiast mogeleg støtte i partiet, seier Bergstø.

Mange av dei som støttar Solhjell sitt kandidatur argumenterer med at Kristin Halvorsen er sliten, at ho treng avlasting, og må kunne vere trygg på ikkje å li nederlag i viktige saker i sentralstyret. Ho skal sleppe å bruke tid på å uroe seg over problem i partiet.