Politiet på Bømlo har snakka med dei fire lokale ungdommane som seint fredag kveld kasta tomater på asylmottaket Skogbu på Moster. Ifølgje lensmann Roald Raunholm blir det neppe straffeforfølging av det han karakteriserer som gutefakter.

— Nokre av dei det gjeld er under 18 år, og vi vil gripa fatt i dette gjennom bekymringssamtalar. Vi er óg i tett dialog med asylmottaket, men det er uvisst om dei vil formelt melda saka, seier Raunholm.

To kveldar på rad blei mottaket på Skogbu oppsøkt av uønskte gjester. Dei kom i bil og kasta fredag kveld tomater mot inngangspartiet til det tidlegare feriesenteret ved Røyksundkanalen. Skogbu har om lag 60 av asylsøkjarane som Bømlo Mottak har ansvar for.

— Motivet er uklart, men det er ikkje snakk om nokon djuptgåande konflikt. Og det er ikkje gjort skade på verken personar eller bygningar, seier lensmannen.

— Vi set stor pris på at politiet har teke dette på alvor. Stemninga var uroleg blant bebuarane før helga. Det er viktig at dei skal føla seg trygge, seier dagleg leiar ved mottaket, Maria Sadowska.

— Vi samlar bebuarane til samtale i ettermiddag. Der vil vi blant anna ta stilling til forslaget frå politiet om at ungdommane skal koma og be om orsaking, seier Sadowska.