Sidan 1905 har kongelege namn hatt skiftande popularitet i folket. Nokre blir motenamn, mens andre får vere i fred for det breie lag av nordmenn.

Men namneekspert Ivar Utne spår ikkje eit rush av nybakte foreldre ved døypefonten, som ønskjer å kalle sine nyfødde opp etter den vesle tronarvingen.

— Nei. Det slo iallfall ikkje til for førre generasjon. Verken namnet Haakon eller Märtha fekk nemneverdig oppsving. I dag er det dessutan mange konkurrerande trendar, seier Utne til BT.

Haakon og Olav slo an

Han meiner likevel at Olav og Ragnhild kan bli populære namn.

— Vi lever i ei tid då foreldre i større grad enn for tretti år sidan kan tenkje seg å kalle barna sine mellomaldernamn som Ragnhild eller Olav. Vel kronprinsparet eit av desse, kjem namnet neppe til å gå til topps, men blir nok meir vanleg i bruk.

Då danske prins Carl vart vald til Noregs konge i 1905, tok han namnet Haakon VII. Den to år gamle sonen Alexander fekk namnet Olav, eit anna populært norsk namn på den tida.

Verken før eller seinare har Haakon og Olav vore så populære som nettopp tidleg på 1900-talet.

— Det fall i god jord at den nye kongefamilien valde populære namn som uttrykte norsk namneskikk.

Haakon tilbake på 90-talet

På 30-talet døypte kong Olav sine barn Harald, Ragnhild og Astrid. Heller ikkje desse namna har nokosinne vore så populære som i denne perioden. Mens neste generasjons namn, Haakon og Märtha, aldri «tok av».

— Haakon slo an først 15-20 år seinare. Det kan ha fleire forklaringar. Namnet hadde ein boom på oldefarens tid, og det tek vanlegvis om lag tre generasjonar før eit populært namn kjem tilbake i bruk. Etterkvart som dei gamle Haakon'ane døyr ut, kan nye generasjonar ta i bruk namnet, seier Utne.

— Ei anna forklaring kan vere at kronprins Haakon som ungdom og vaksen er blitt så populær, og at dette bidro til å gje namnet ny oppsving på 90-talet.