VIDAR YSTAD

Trass i purringar har ingen av desse fem teke seg bryet med i det heile å svare Stortinget sin administrasjon. Registeret er oppretta for å få ein oversikt over om stortingsrepresentantane har ekstrainntekter eller bindingar.

Ikkje levert

Utanom Clemet er det partifellen Sverre J. Hoddevik frå Sogn og Fjordane, Frp-representantane Torbjørn Andersen frå Aust-Agder og Øyvind Vaksdal frå Rogaland og SV-representanten Heidi Sørensen frå Oslo, som ikkje har svart.

Tre Frp-representantar, John Alvheim, Telemark, Ulf Erik Knudsen, Buskerud og Øyvind Korsberg, Troms har opplyst at dei ikkje ønskjer å gje opplysningar til registeret.

Då Bergens Tidende sist skreiv om registeret for fem år sidan, var det heile 32 stortingsrepresentantar og ein statsråd som ikkje hadde late seg registrere. 15 av dei tilhøyrde Frp. Fire av dei 32 ville av prinsipp ikkje gje opplysningar til registeret. Alle desse var frå Frp, med den dåverande visepresidenten, Hans J. Røsjorde, i spissen.

Partileiar Carl I. Hagen derimot, har vore svært påpasseleg med å gje utførlege opplysningar til registeret.

Registreringa er friviljug, men det ligg klart nok føringar på at både statsrådar og representantar bør gje opplysningar til registeret. Dessutan er det ein klar føresetnad at når ein først let seg registrere, så skal opplysningane vere korrekte og fullstendige.

Slendrian av Jagland

Her er det opp gjennom åra avdekka til dels betydeleg slendrian.

Ap-leiar Thorbjørn Jagland peikar seg her klart ut i negativ lei. Han har konsekvent unnlate å opplyse om tilleggsytingar han har hatt som partileiar i Ap. Slik har Jagland opptredd i alle år som stortingsrepresentant. I fleire år opplyste han at han ikkje hadde registreringspliktige interesser. Først etter at han vart statsminister, gav han meir utfyllande opplysningar.

Men etter at han gjekk av som statsminister, er han tilbake i gamle spor.

Nestleiar Jens Stoltenberg derimot, har opplyst til stortingsregisteret at han har «bilordning og honorar som nestleiar i Det norske Arbeidarparti».

Den andre nestleiaren, Hill-Marta Solberg, har også opplyst at ho som nestleiar i partiet har tillegg til stortingsløna.

Partiet stiller fri bil til disposisjon for partileiaren. Dessutan får han fire lønstrinn på toppen av stortingsløna. Stortingsløna utgjer i dag 520.000 kroner. Med tillegg på fire lønstrinn utgjer det om lag 565.000 kroner.

Dei to nestleiarane har fri bil og to lønstrinn ekstra, får Bergens Tidende opplyst på partikontoret.