VIDAR YSTAD

Oslo

Dette står partileiar Dagfinn Høybråten uttrykkeleg fast, tre dagar før valet.

— Med dette vil eg sende eit tydeleg signal både til høgre og venstre, seier Høybråten.

I opposisjon

Han avviser at det kan bli aktuelt for KrF å presentere ei kravliste overfor ei ny mindretalsregjering som KrF ikkje sjølv er med i, etter mønster av det som skjedde mellom Frp og dei tre nåverande regjeringspartia i 2001. Då fremja Carl I. Hagen ei liste med eit 50-tals krav og det vart inngått ein forpliktande avtale mellom partane.

— Noko slikt er heilt uaktuelt for oss. Blir regjeringa felt etter valet, går vi i opposisjon utan å binde oss til ei ny regjering. Det gjeld anten det skulle bli snakk om ei Ap-regjering eller ei Erna-regjering, seier Høybråten.

Ny sentrumsregjering?

I går lanserte valforskar, professor Frank Aarebrot, ein ny regjeringskonstellasjon: ei ny sentrumsregjering mellom KrF, Sp og V.

— Endringane på meiningsmålingane dei siste dagane, gjer at ein må tenkje nytt, seier Aarebrot til Bergens Tidende.

— Dei siste meiningsmålingane gjev ikkjesosialistisk fleirtal på Stortinget. Carl I. Hagen har forsikra at han då vil felle Bondevik-regjeringa. Det skulle opne for plan B, ei mindretalsregjering av Arbeidarpartiet. Men ettersom Jens Stoltenberg har sagt at det er heilt uaktuelt for Ap å skipe ein mindrtetalsregjering med eit borgarleg fleirtal på Stortinget, må ein opne for plan C, seier Aarebrot, og han held fram:

— Snittet av dei to siste meiningsmålingane gjev Ap og sentrumspartia fleirtal tilsaman. Då er vi tilbake til situasjonen i 1997 som gav sentrumsregjeringa, seier Aarebrot.

- Steindaudt

Men leiarar for dei tre sentrumspartia, KrF-leiar Dagfinn Høybråten, Venstre-leiar Lars Sponheim og parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Marit Arnstad, avviser alle at dette er aktuell eller realistisk politikk. Dei argumenterer med at avstanden dei imellom er blitt for stor.

Spesielt har tonen mellom Sp og Venstre vore beisk etter mange harde utfall frå Sp mot landbrukspolitikken og Lars Sponheim.

— Sentrumsalternativet er steindaudt i augneblinken. Sentrumspartia har valt kvar sin veg. Sp har valt å knyte seg til det raud-grøne alternativet, og vi har køyrd ein valkamp på forskjellane. Men er ein sterk trua, skal ein ikkje utelukke at sentrumsalternativet kan gjenoppstå i framtida, seier Høybråten.

— Senterpartiet går til val på å oppnå eit sterkast mogeleg Sp og ei fleirtalsregjering. Dersom det ikkje skulle bli gå slik vi ynskjer, må det bli opp til Stortinget å finne ut kva som er ei realistisk løysing, seier Marit Arnstad til BT.

Ho vil ikkje spekulere i valutfallet:

— Nå må vi ha så mykje respekt for veljarane at det er opp til dei å avgjere samansettinga av Stortinget.

Ho seier at KrF og Venstre valte Høgre i 2001 og at val av ulike partnarar har skapt avstand.

— Dessutan har Venstre sagt at dei er sjelegalde for å sleppe eit samarbeid med Sp, legg Arnstad til.

HELLER I OPPOSISJON: - Blir regjeringa felt etter valet, går vi i opposisjon utan å binde oss til ei ny regjering. Det gjeld anten det skulle bli snakk om ei Ap-regjering eller ei Erna-regjering, seier Krf-leiar Dagfinn Høybråten.