• Det vil ikkje ta seg ut i det heile tatt om denne regjeringa fjernar nynorsk som sidemål, seier Anita Apelthun Sæle (KrF).

Utdanningsminister Kristin Clemet (H) møter sterk motbør når ho no går til åtak på nynorsk som skriftleg sidemål og vil fjerna det som obligatorisk eksamensfag. Dei parlamentariske leiarane både i KrF og Venstre seier nokså direkte at det er uaktuelt.

Jon Lilletun (KrF) seier det slik i samtale med Bergens Tidende:

— På prinsipielt grunnlag vil det vera heilt uaktuelt for KrF å vera med å svekka nynorsken si stilling.

Statsråd Clemet eglar på seg målfolket så det susar når ho no går til åtak på sidemålet. I tråd med Høgres program vil ho gjera det til frivillig fag. Som ein del av kvalitetsreforma vil statsråden gjera slutt på obligatorisk eksamen både i grunnskulen og i vidaregåande skule.

Dette er ei vrien sak både for regjeringa og regjeringspartia i Stortinget. Clemet har alt vore i stortingsgruppa til KrF og orientert partiet om kva ho pønskar på.

- Ingen vert flinkare

Høgres parlamentariske leiar Oddvard Nilsen, som sjølv er lærar og rektor, seier til Bergens Tidende at han ikkje vil kommentera regjeringsnotatet som no vert drøfta.

— Men eg har heile tida meint - på prinsipielt grunnlag - at det ville vera galt å fjerna sidemålet. Eg trur ikkje at nokon vert flink av å fjerna det som er vanskeleg, seier Nilsen.

I Sem-erklæringa, som er det politiske grunnlaget for Bondevik-regjeringa, står det ingenting om sidemålet. Men i Høgres stortingsprogram for denne perioden heiter det at «Høyre vil gjøre den skriftlige sidemålsundervisningen valgfri.» Korkje Venstre eller KrF har programfesta noko tilsvarande åtak på sidemålet.

Open for nytenking

Trine Skei Grande, som er parlamentarisk leiar i Venstre, har same standpunkt som kollegaene Oddvard Nilsen og Jon Lilletun. Ingen skal vera i tvil om at Venstre vil verna om sidemålet.

— Men vi er sjølvsagt opne for pedagogisk nytenking når det gjelder undervisning i sidemålet, seier Skei Grande som også er medlem i undervisningsnemnda i Stortinget.

Like gode evner som før

Anita Apelthun Sæle er ihuga nynorskkvinne som jamvel er medlem i Løvebakken Mållag.

— Det vil ikkje ta seg ut i det heile tatt om denne regjeringa, av alle, skulle fjerna nynorsk sidemål. Til det er nynorsken for vakker, og målforma har historiske røter i heile landet, seier ho til BT.

— Er du forundra over at Kristin Clemet prøver seg på dette viset?

— I grunnen ikkje, for vi har alltid sett at by og land står mot kvarandre i slike spørsmål. Presset mot nynorsken er større enn nokon gong før. Men elevane har ikkje mindre evner i dag enn tidlegare, så dei vil greia å læra nynorsk like godt som generasjonar før oss. Dette gjeld elles kulturell likestilling, seier Anita Apelthun Sæle.

TIL ÅTAK: Statsråd Kristin Clemet (H) vil fjerna obligatorisk eksamen og skriftleg undervisning i sidemål i skulen.<p/>ARKIVFOTO: SCANPIX