Importørane fekk i 2005 pålegg om å utlevere alle opplysningar om kvar tømmeret faktisk var hogge. Ein vesentleg del av tømmeret frå utryddingstruga teak kjem frå Burma.

Pålegget vart gjeve av Klagenemnda for miljøinformasjon med grunnlag i miljøinformasjonslova. Sjølve poenget med lova er å sikre fullt offentleg innsyn når det gjeld produktinformasjon som produktsamansetting eller opphavsland.

Nekta å godta

Importørane aksepterte ikkje pålegget som dei hevda var ugyldig. Dei hevda at opplysningane inneheldt forretningsløyndomar både mellom importørane og i forhold til moglege utanlandske konkurrentar. Dei klaga og bad Klagenemnda vurdere pålegget på ny.

Klagenemnda stod fast ved pålegget.

Treimportørane hadde så 30 dagar på seg til å utlevere informasjonen dei var pålagd å utlevere.

Då ingenting kom, varsla Regnskogfondet at dei ville oversende saka til namsretten for å tvangsinndrive informasjonen.

Treimportørane svara gjennom advokat Nils-Ola Widme med å tilby utlevering av informasjon mot å underteikne ei konfidensialitetserklæring.

Erstatningskrav

I denne erklæringa framgår det at informasjonen treimportørane har fått pålegg om å utlevere, skal behandlast konfidensielt, ikkje meddelast andre. Skjer det likevel, skal Regnskogfondet vere forplikta til å betale 250.000 kroner i erstatning til kvar av importørane. Det ville utgjere 2,5 millionar kroner.

— Vi var vantru då dette kravet kom. Det var sjokkerande at dei freista å gjere oss økonomisk ansvarlege for å følgje og oppfylle lova, seier Nils Herman Ranum. Han er kampanjeansvarleg i Regnskogfondet.

Regnskogfondet avviste kravet og sendte saka til namsretten i Oslo for å tvangsinndrive opplysningane.

- Ikkje i tråd med lova

Til sist blir det inngått ein forliksavtale som inneheld eit punkt om teieplikt. Det inneber at Regnskogfondet må varsle importørane med minst eitt døgns varsel før dei går offentleg ut med opplysningar.

— Det er ikkje i tråd med lovverket og føresetnadene at det blir stilt vilkår for å utlevere opplysningar der Klagenemnda har gjort vedtak om utlevering. Dersom Regnskogfondet eller andre opplever vanskar med å få ut opplysningar, får dei ta det opp med Klagenemnda, seier leiaren i nemnda, advokat Jan Fougner. Klagenemnda har ikkje kjent til at det er stilt slike krav.

Konfidensialitetskravet vart fremja av advokat Nils-Ola Widme som har bakgrunn som politisk rådgjevar for tidlegare statsråd Victor Norman (H).

- Sabotering av lova

— Det er heilt klart ikkje høve til å krevje konfidensialitet som vilkår for å levere ut informasjon. Det er det same som ei sabotering av lova, og eit slikt krav kan ein berre sjå bort frå.

Dette seier jussprofessor Hans-Petter Graver ved Universitetet i Oslo. Han var leiar for det offentlege utvalet som laga utgreiinga som munna ut i lova om miljøinformasjon.

Lov om miljøinformasjon vart fremja av Bondevik-regjeringa, med Børge Brende som miljøvernminister, 20. september 2002. Då var Widme politisk rådgjevar for regjeringa.

- Komfortabel

Widme, som nå arbeider i NHO, avviser kritikken om sabotering av lova og advokatetisk kritikkverdig framferd:

— Eg er heilt komfortabel med rolla mi som advokat og den jobben eg har gjort i denne saka. Rolla mi er å ivareta klientens interesser. Om klienten har eit anna politisk syn enn den regjeringa der eg arbeidde som politisk rådgjevar, er det uproblematisk, seier Widme.