Framlegget om å innføre republikk var sett fram av SV-representantane Øystein Djupedal og Rolf Reikvam.

Tre representantar frå Ap fylgde SV. Dei tre var Olav Akselsen, Gunn Karin Gjul og Brit Hildeng. Stortingspresident Jørgen H. Kosmo avsto frå å røyste.

28. juli 1905 vart det halde folkerøysting over spørsmålet om oppløysing av unionen med Sverige. 368.392 røysta ja til opplysing av unionen. 184 røyste nei.

12. og 13. oktober 1905 vart det halde folkerøysting i spørsmålet om republikk eller kongedøme. 259.563 sa ja til monarki. 69.264 ville ha republikk.

Saksordførar Berit Brørby (A) meinte at avskaffing av kongedømet ikkje var noko aktuelt tema trass i at det har vore offentleg debatt og meiningsmålingar om emnet.