Medan både Kristin Halvorsen og Marit Arnstad har vore nemnde som ny «nei-dronning» etter Anne Enger Lahnstein, har leiaren i Nei til EU eit heilt anna perspektiv på korleis den komande EU-kampen skal vinnast:

— Det er ikkje ønskjeleg at ein fokuserer så sterkt på einskildpersonar. I dei to tidlegare kampane var det massemobiliseringa som avgjorde, ikkje ein bestemt person, seier Sigbjørn Gjelsvik til Bergens Tidende.

— Har ein i ettertid overdrive Anne Enger Lahnsteins rolle i 1994?

— Anne gjorde sjølvsagt ein stor innsats, men det var det andre og som gjorde.

22.000 medlemer

— Men tanken på å satsa på ei ny nei-dronning er vel ikkje å forakta?

— Vi har ikkje peika ut nokon, og det trur eg heller ikkje vert aktuelt.

— Vil du gjerne ha henne med att i ein ny kamp mot EU-medlemskap?

— Eg har stor forståing for at Anne kjende behov for å trekkja seg tilbake for å gjera andre ting. Frå Nei til EU si side ventar vi ikkje at ein bestemt person skal stå fram på den måten, seier Gjelsvik, som var leiar i Senterungdommen før han overtok styringa i Nei til EU i 1999.

Han opplyser at organisasjonen har drygt 22.000 medlemer, mot 140.000 på det meste i 1994. Nei til EU har fylkeslag i alle fylka og lokallag og kontaktar i dei fleste kommunane. No er det tid for å mobilisera til ny strid for å halda Noreg utanfor EU, fortel han.

Stolar på SV og KrF

Han er noko ottefull:

— Vi er nøydd til å ta på alvor det vi kan lesa av dei siste meiningsmålingane. Vi må meir på banen for at ikkje ja-vinden skal bli varig. Vi skal koma sterkt tilbake, men eit nytt stemningsskifte kjem ikkje av seg sjølv. Derfor vert organisasjonsbygging viktigaste oppgåva for oss no framover.

— Ser du på Senterpartiet som det einaste patente nei-partiet no?

— Eg opplever ingenting som tyder på at SV og KrF vil skifta standpunkt. I regjeringa har KrF og Venstre rett nok vore med på mange kompromiss om EU-tilpassinga, men i høve til norsk medlemskap står dei heldigvis fast.

Det er heilt legitimt at dei er opne for å ha med folk med ja-standpunkt. Det er ingenting å seia på at folk driv høgttenking omkring ulike argument. Men når vi nærmar oss valet i 2005, ventar eg at dei avklarar sitt standpunkt.

Ei ny SME-rørsle?

— Er det Trond Giske du set din lit til i Arbeidarpartiet?

— Ja, eg har registrert at han har stått fram med klare standpunkt også i denne fasen. Men vi har og andre sentrale partifolk på vår side.

— Vonar du at nei-folka i Arbeidarpartiet organiserer seg i ein ny SME?

Dei lyt sjølv finna ut kva dei er best tente med. Eg ser først og fremst fram til at nei-folka omkring i partiet vert tydelege i den offentlege debatten. Arbeidarpartiet har alltid vore eit spennande parti, med ei leiing som har vore sterkt for EU-medlemskap, samstundes som det har hatt sterke aktørar på nei-sida.

— Skapar det forvirring på nei-sida at Framtida i våre hender ser ut til å vera på gli mot eit ja til norsk medlemskap?

— Det er ikkje heilt rett. Den miljørapporten som er utgitt, tek for seg eit avgrensa område, og organisasjonen seier sjølv at den held fast på standpunktet frå 1994. Det er greitt nok at EU i høve til luftkvalitet og støy har utvikla ein god politikk, men dei store problema med utslepp i transportsektoren har dei slett ikkje løyst, seier Sigbjørn Gjelsvik.

INGEN ARVTAKAR: Sigbjørn Gjelsvik leitar ikkje etter nokon arvtakar etter den siste «nei-dronninga» Anne Enger Lahnstein.<br/> ARKIVFOTO: KNUT FALCH, SCANPIX