HANS K. MJELVA

Sju fylkeslag kom til landsmøtet i Arbeidarpartiet med forslag om at tannlege blir like billig som vanleg lege. Med andre ord berre ein liten eigendel, i staden for at ein må betale heile rekninga sjølv.

Det enda opp med ei formulering i programmet om at «Arbeiderpartiet vil ha en offentlig tannhelsereform».

Dermed er saka sendt over til helseminister Sylvia Brustad, som vil leggje fram ei stortingsmelding om saka rett før eller etter sommarferien.

Men der kjem det ikkje noko forslag om å likestille tannlege med vanleg lege.

— Gratis tannlege for alle kjem det ikkje til å bli, seier helseminister Brustad.

— Vil det då bli tale om ei form for behovsprøving?

— Eg trur ikkje behovsprøving er ordet, men i første omgang er det tale om målretta tiltak mot dei som treng det mest, seier Brustad.

— Men er gratis tannhelse eit langsiktig mål?

— Det trur eg ikkje er realistisk, seier Brustad, og legg ikkje skjul på at det her er eit spørsmål om pengar.

— Gratis tannhelse vil koste mange milliardar, kanskje rundt 8-9 milliardar. Det må vegast mot andre tiltak, seier ho.