JOHN LINDEBOTTEN

john.lindebotten@bt.

I Sem-erklæringa, Bondevik-regjeringa sin politiske grunnmur, står det at utsleppsløyve berre kan gjevast til gasskraftverk utan CO2-utslepp «inntil det er etablert et system for omsettelige utsleppskvotar i tråd med Kyoto-protokollen».

— Kyoto-protokollen føreset at eit slikt system med omsettelege kvotar skal vera på plass frå 2008, og det er dette som er meint med formuleringa i Sem-erklæringa, seier miljøvernminister Knut Arild Hareide, KrF, til Bergens Tidende.

Hareide får støtte frå leiar i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, Bror Yngve Rahm, KrF.

— Betyr det at Statoil kan spara seg bryet med å søkja om utsleppsløyve for gasskraftverket på Mongstad no?

— Ein slik søknad vil i alle fall ha svært små sjansar.

— Men etter 2008, dersom Kyoto-protokollen er oppfylt, så opnar Sem-erklæringa for utsleppsløyve, jamvel med teknologi som gjev CO2-utslepp, seier Bror Yngve Rahm.

Fungerande konserndirektør i Statoil, Einar Strømsvåg, meiner likevel at anlegget på Mongstad bør får utsleppsløyve no.

— I forslaget til lov om kvotehandel, som nettopp er sendt ut til høyring, står det at lova ikkje skal gjelda utslepp frå vanlege gasskraftverk som produserer straum for levering til andre. No er det ikkje eit gasskraftverk i vanleg forstand vi skal byggja på Mongstad. Det er eit kraft-varme-anlegg, og bortimot 100 prosent av straumen det produserer skal nyttast innanfor vår eiga verksemd på Mongstad, på Kollsnes og på Troll-platformen. Slik eg les forslaget til lov om kvotehandel med klimagassar, må anlegget vårt omfattast av denne lova, og det logiske då er at vi får utsleppsløyve, seier Einar Strømsvåg til BT.

— Det undrar meg ikkje at Strømsvåg tolkar det slik. Eg kjenner ikkje prosjektet på Mongstad i detalj, men vi reknar med at Statoil legg ved ei seriøs grunngjeving når dei sender søknaden om utsleppsløyve. Vi skal gje han ei formell og grundig handsaming, men det avgjerande er at konklusjonen samsvarar med regjeringa si forståing av Sem-erklæringa, seier Bror Yngve Rahm.