Men først skal Samferdsledepartementet saman med Vegdirektoratet luke ut såkalla «anbudskritiske opplysningar» som entreprenørane ikkje bør få sjå før dei leverer tilbod på vegprosjektet.

Dette går fram av eit brev statsråd Navarsete (Sp) har sendt som svar på spørsmål frå stortingsrepresentant Arne Sortevik (Frp).

Jondalstunnelen er del av eit fylkesvegprosjekt. Og fylkesutvalet i Hordaland gjorde 23. august i år vedtak om at kvalitetssikringsrapporten ikkje skulle kunne unntakast frå offentleggjering.

Vedtaket vart gjort etter at Samferdsledepartementet hadde nekta å etterkome ei oppmoding frå fylkeskommunen om å frigje rapporten.

— Dette er gledeleg nytt og veldig bra. I fylkeskommunen meinte vi det kompliserte behandlinga vår at vi ikkje fekk offentleggjere kvalitetssikringsrapporten. Vi vil likevel ikkje kritisere departementet. For vi er ikkje blinde for at det kan ligge opplysningar der som det kan vere uheldig å offentleggjere på eit tidleg tidspunkt, seier fylkesrådmann Paul M. Nilsen til Bergens Tidende.

— Vedtaket i fylkesutvalet har vore ein viktig premiss for den nye vurderinga vi har gjort i departementet, seier statssekretær Steinulf Tungesvik i Samferdsledepartementet til Bergens Tidende.

I første omgang gjeld den nye vurderinga berre denne konkrete saka. Men statsråden varslar at departementet er i gang med å gjennomgå dagens offentleggjereingspraksis med sikte på eventuelle endringar.

Statsråden opplyser at ny praksis vil bli etablert så snart som råd. Det vil skje i samråd med Finansdepartementet.