TERJE ULVEDAL

terje.ulvedal@bt.no

Dermed blir det sett sluttstrek for den hardaste vernekampen i Sogn og Fjordane på mange år.

Regjeringspartia Høgre, KrF og Venstre utgjer saman med SV fleirtalet for å verne det omstridde vassdraget. Sjølv om ei samla regjering no stiller seg bak vernevedtaket, er det kjent at det både i Høgre og KrF har vore sterkt motstand mot å setje elva på vernelista.

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane har Venstre vore kompromisslause i saka, og dei to andre regjeringspartia bøygde til slutt av.

— Dette er ein av dei viktigaste triumfane for Venstre i denne regjeringa, seier leiar Rolf Nesheim i Sogn og Fjordane Venstre.