— Auka gassbruk gir auka utslepp av klimagassar. Det er ingen god løysing for oppvarming av hus. Difor treng vi CO2-avgifta på gass som blir innført neste sommar, seier nestleiar Gøril Andreassen i Natur og Ungdom.

Torsdag skreiv BT at det innanlandske forbruket av naturgass er dobla dei fire siste åra.

— Heller ikkje lågutsleppsutvalet, som la fram si melding i oktober, ser på gass som ei løysing for bustadoppvarming, seier Anderassen. Som derimot helsar gassferjene velkomne.

— Gassferjer er bra, ut frå dei alternativa dei avløyser.

— Vi har ingen ting imot naturgassen, men då må han vera CO2-reinsa, seier Beate Kristiansen, leiar i Bellonas energidavdeling.

Ho set seg imot løysingar med røyrframføring av gass til bustader, av di gass kan fortrengja berekraftige energiformer som bioenergi og jordvarme.

— Med ein infrastruktur for naturgass, vil denne energiforma lettare konkurrera med fornybare energiformer. Det gjer det verre å ta i bruk bioenergi til oppvarming og koking, seier Kristiansen.

Bellona helsar velkomen vedtaket om å innføra CO2-avgift på gass neste år. For transportsektoren ser organisasjonen føre seg eit framtidig nettverk av fyllestasjonar for hydrogen eller biodrivstoff heller enn eit naturgassnettverk.