Dette kom etter det Bergens Tidende får opplyst, fram under møtet i den utvida utanrikskomiteen på Stortinget måndag. Forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen og utanriksminister Jonas Gahr Støre orienterte komiteen om regjeringa sine planar i forhold til Nato og Afghanistan.

Forsvarssjef-møtet

Regjeringa varslar at den ikkje har planar om å melde inn nye styrkebidrag til Afghanistan under Nato-møtet i Riga i neste veke. Etter det Bergens Tidende forstår, skal førespurnaden om nye styrkar ha kome skriftleg til forsvarssjefen under forsvarssjefmøtet i Belgia i førre veke. Det er snakk om ein felles førespurnad til alle Nato-landa.

Korkje Forsvarsdepartementet eller Forsvarsstaben ville i går stadfeste at det har kome ein slik ny førespurnad. Men det er rimeleg å vente at utanriksminister Støre vil få spørsmål om dette når han i dag møter i den såkalla spontanspørjetimen i Stortinget.

Frå nord til sør

Frå Nato--hald er det uttrykt ynskje om at den norske utrykningsstyrken (QRF) som er stasjonert i nord-Afghanistan, kan bli sett inn ved behov i sør-Afghanistan. Dette er ein styrke på om lag 150 mann som har i oppgåve å rykke ut for å kome andre soldatar til hjelp i krisesituasjonar.

Det var ein slik britisk styrke som kom dei nordiske soldatane til hjelp under det dramatiske åtaket i Meymaneh i februar i år. Då kjempa dei norske soldatane for livet i mange timar inntil dei britiske styrkane (QRF) kom til hjelp. Noreg overtok oppdraget med utrykingsstyrken i nord etter britane i mars i år.

Frå norsk side er det offisielt uttala at ein ser heile Afghanistan som eitt operasjonsområde og at det ikkje er prinsipielle innvendingar mot at norske styrkar kan setjast inn i sør. Utanriksminister Støre har også opna for at norske styrkar som er stasjonert i nord, kan flyttast til sør. Men i dag er det uaktuelt å flytte styrkar avdi dei har viktige oppgåver i nord, ifylgje Støre og Strøm-Erichsen.

Spesialstyrkar

Det er kjent frå før at øvst på ynskjelista frå Nato står bidrag frå den norske spesialstyrken som nå er i Noreg. Regjeringa står førebels fast på at det ikkje er aktuelt å sende denne styrken til Afghanistan. Men opposisjonen på Stortinget har vist stigande misnøye med denne haldninga.

I førre veke gjekk jamvel stortingspresident og tidlegare stats— og utanriksminister Thorbjørn Jagland (Ap) langt i å krevje at Noreg imøtekjem Nato sine ynskjemål. I dag er det om lag 550 norske soldatar i Afghanistan.